Hopp til hovedinnholdet

Faresignal

Speleavhengigheit kan vere skjult avhengigheit. Det er vanleg å prøve så langt det er mogleg å fortrenge speleproblema sine. Mange held fasaden til trass for at dei slit og har store bekymringar på grunn av aukande gjeld og spelelyst. Lån og gjeld kan bortforklarast, fordi det er så vanleg. Dette gjer at speleavhengigheit kan utvikle seg til å bli eit stort problem, før spelaren sjølv eller omgjevnadane reagerer.

Kva skal eg sjå etter?

Fordi problem med spel kan utvikle seg raskare enn alkoholproblem, er det viktig å sette seg inn i faresignala, både om du merkar faresignala sjølv eller om du ser det hos andre:

  • Spel påverkar familie, arbeid, sosiale forpliktelsar og andre aktiviteter.
  • Snakker meir og meir om gambling.
  • Lyg om spelinga.
  • Spelar vekk mykje pengar på kort tid.
  • Brukar mykje tid på pengespel eller datatspel.
  • Spelar for å vinne tilbake det tapte.
  • Blir stressa og irritert ved tap.
  • Blir stressa og irritert om nokon forstyrrar spelet.
  • Låner pengar eller sel ting for å spele.
  • Har uforklarlege økonomiske problem, og problem med å betale rekningar.
  • Er tilbaketrekt og inneslutta for familie og omgjevnader.
  • Har en sterk overtyding om gevinst i framtida.
  • Spelar åleine over lengre tid.
  • Kranglar berre for å få eit høve til å kome ut av huset.
  • Vinn du mykje første gang du spelar må du vere varsam. Dei aller fleste som utviklar eit pengespelproblem startar med å vinne mykje pengar.

Speleavhengigheit dominerer livet til den som blir råka. Det går ofte ut over familie, sosiale aktivitetar, arbeid og andre forpliktelsar. Det handlar difor om å få hjelp før konsekvensane blir for store.

Les meir om behandling og behandlingstilbod.

Sist endra