Gå til innholdGå til toppen
Hold Control (PC) eller Cmd (Mac) -tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller for å forminske.

Behandling

Behandling av pengespelavhengige har god effekt.

Rett til behandling

Speleavhengigheit er ein diagnose. Det betyr at du har rett til behandling – det slo Helsedepartementet fast i 2001. Viss du ønskjer behandling, skal du ta kontakt med fastlegen din eller NAV. Ver merksam på at behandlingstilboda er spreidde over heile landet, og at det kan vere ventetid.

Behandlingstilbod over heile landet

Dei fleste behandlingstilbod for speleavhengige i Norge er polikliniske. Det betyr behandling i ein til to timar per veke i 8-12 veker. Vaksne blir normalt vist til psykiatrisk behandling eller til rusmiddel-institusjonar som tek imot slike pasientar.

Stadig fleire fagfolk innan psykiatri og rusmiddelarbeid gir no behandling til speleavhengige. Ungdom under 18 år skal vanlegvis få plass i barne- og ungdomspsykiatrien (BUP). Dei fleste behandlingstilboda i dag er individuelle, gruppetilbod krev eit visst tal tilviste pasientar som ønskjer tilbod om gruppebehandling. Finn eit behandlingstilbod nær deg.

Fjernbasert behandling

Det finst også eit fjernbasert behandlingstilbod. Det vil seie at all behandling føregår via Internett og telefon. Les meir om det fjernbaserte behandlingstilbodet.

Ved å ringje Hjelpelinja 800 800 40 får du vite meir om rettane dine som speleavhengig.