Gå til innholdGå til toppen
Hold Control (PC) eller Cmd (Mac) -tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller for å forminske.

Behandling på nett

Behandling på nett er eit relativt nytt tilbod for speleavhengige. Tilbodet er gratis.

Heime

Behandling på nett, eller fjernbasert behandling, vil seie at du som speleavhengig får behandling i din eigen heim gjennom telefonsamtalar med ein terapeut og elektronisk korrespondanse kvar veke. Samtalane med terapeuten blir gjennomført på bakgrunn av skriftlege arbeidsoppgåver, som kvar veke blir sende ut elektronisk.

Eigen brukarkonto

Ved starten av behandlinga får du oppretta ein brukarkonto på nettsida minhelse.no. Den skriftlege kommunikasjonen vil føregå via denne tenesta.

Behandling over Internett og telefon er kome i stand fordi mange speleavhengige har problem med å oppsøke hjelp, og fordi mange skjuler problemet sitt og slit med ei skamkjensle. Håpet er at tilbodet om fjernbasert behandling kan senke terskelen for å søkje hjelp, og at speleavhengige vil oppsøkje hjelp på eit tidlegere tidspunkt før konsekvensane blir for store.

Gratis å delta

Behandlinga er finansiert med prosjektmidlar frå Helsedirektoratet. Det er gratis å delta.

Behandlinga går over tre månader og omfattar:

  • Telefonsamtalar med en terapeut kvar veke.
  • Terapeutiske skriftlege arbeidsoppgåver.
  • Bruk av sjølvhjelpsverkty.
  • Diskusjonsforum der du kan kommunisere anonymt med andre deltakarar.

Her finn du meir informasjon om fjernbasert behandling.