Gå til innholdGå til toppen
Hold Control (PC) eller Cmd (Mac) -tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller for å forminske.

Dataspel

I dag er dataspel ein naturleg del av born og unge sin mediekvardag, og det gir underhaldning, sosiale ferdigheiter og kunnskap. Men for nokre tek spelinga overhand.

Negativt

For enkelte born og unge blir dataspeling ein altoppslukande aktivitet som fører til negative konsekvensar på skulen og ved tap av sosiale nettverk og konflikter i familien. Mange foreldre ringjer til Hjelpelinjen og er bekymra for kor mykje borna deira spelar.

Fåresignal

Fåresignal og konsekvenser av overdriven dataspeling kan vere

  • irritasjon, rastløyse og dårleg humør
  • stort fråvær fra skule eller jobb eller avbroten skulegang eller jobb
  • brot på familietradisjonar/rituale/vanar
  • krangling og verbal aggresjon i familien, tap av foreldreautoritet
  • fysiske plager som mangel på søvn, dårleg blodsirkulasjon, vekttap, dårleg hygiene eller lite oppteken av utsjånad
  • brukar stadig meir tid på speling for å oppnå same spenning
  • tap av sosiale nettverk
  • redusert sosial kompetanse
  • redusert interesse for samhandling

Hjelp og rettleiing

Dersom du som mor, far eller pårørande opplever noko av dette, vil vi råde til at du les foreldreveileder for regulering av rolle- og strategispilling på nettet. På snakkomspill.no finn du meir nyttig informasjon om faresignaler og du får ein peikepinn på kor mykje barn og unge spelar.

Du må gjerne ringe Hjelpelinjen 800 800 40 der du får rettleiing om regulering av dataspel, men også ei oversikt over behandlingstilbodet. Du kan også lese vår veileder for pårørende og fagpersonell. Overdriven dataspeling fell inn under det generelle behandlingstilbodet for ungdom, og erfaring viser at behandling nyttar.