Gå til innholdGå til toppen
Hold Control (PC) eller Cmd (Mac) -tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller for å forminske.

Er eg speleavhengig?

Speleavhengig er du når du ikkje lenger har kontroll over spelinga di. Spelinga dominerer livet – både tankar, kjensler og åtferd.

Tid og pengar

Speling kan vere det første du tenkjer på når du vaknar og det siste du tenkjer på før du sovnar. Spelinga kan ha tatt over for mange daglegdagse aktivitetar og krev meir og meir tid og pengar. Arbeid, familie, vener og andre sosiale forpliktingar blir nedprioritert for å få sjansen til å spele. Trass i dei negative konsekvensane, har ein speleavhengig store problem med å slutte å spele.

Spør deg sjølv

Viss du kjenner deg igjen i desse problemstillingane, kan du vere ein av mange som har problem med spel:

  • Påverker speling din familie, arbeid, sosiale forpliktingar og andre aktivitetar?
  • Er du meir oppteken av spel enn du sjølv og dine nære synest er bra?
  • Har du nokon gong følt behov for å spele for meir og meir pengar?
  • Har du nokon gong loge for eit menneske, som er viktig for deg, om kor mykje du spelar?
  • Trur du at det berre er eit spørsmål om å halde ut, og ikkje la sjansen til å vinne gå frå deg?

Du er ikkje åleine, det finst mange kvinner og menn i alle aldrar og yrke som har eit pengespelproblem.

Ein person med speleproblem vil halde fram å spele sjølv om konsekvensane av spelinga kan føre til store personlege, økonomiske og sosiale problem. Speleavhengige har urealistiske tankar om å vinne tilbake dei tapte pengane ved å satse endå meir, noko som forsterkar problema.

Mange speleavhengige prøver også å skjule konsekvensane av spelinga si, og slik sett er det ein skjult avhengigheit. Skamma over å spele gjer det for mange vanskeleg å søkje hjelp, og dei søkjer hjelp seint.

Du kan få hjelp

Det finst hjelp å få – og det finst behandling. Behandling av speleavhengige som ønskjer å slutte gir gode resultat.

Hjelpelinja er ein anonym og gratis hjelpetelefon (vanleg takst frå mobiltelefon). Ved å ringe dit kan du få råd og hjelp til å handtere din spelesituasjon. Du kan få rettleiing og informasjon om behandling og behandlingsalternativ.

Du kan også ringje Hjelpelinja 800 800 40 for å få meir informasjon om faresignal og konsekvensar ved speleproblem. Dersom du ønskjer behandling for spelavhengigheit kan du også ta kontakt med NAV eller fastlegen din