Gå til innholdGå til toppen
Hold Control (PC) eller Cmd (Mac) -tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller for å forminske.

Fåresignal

Speleavhengigheit er ein skjult avhengigheit. Spelaren prøver så langt det er mogleg å fortrengje sine speleproblem.

Mange er veldig flinke til å halde fasaden, trass i at dei inst inne slit og har store bekymringar på grunn av aukande gjeld og spelebegjær. Lån og gjeld kan den speleavhengige bortforklare fordi det er så vanleg i samfunnet vårt. Dette gjer at speleavhengigheit kan utvikle seg til å bli svært alvorleg før spelaren sjølv eller nærståande reagerer.

Kva skal eg sjå etter?

Fordi speleproblem kan utvikle seg raskare enn alkoholproblem, er det viktig å setje seg inn i fåresignala. Det gjeld om du merkar dette på sjølv eller ser det hos andre:

  • Snakkar meir og meir om pengespel.
  • Lyg om spelinga.
  • Spelar bort mykje pengar på kort tid.
  • Brukar mykje tid på pengespel.
  • Spelar for å vinne tilbake det tapte.
  • Blir stressa og irritert ved tap.
  • Blir stressa og irritert dersom nokon forstyrrer spelinga.
  •  Låner pengar eller sel ting for å spele.
  • Har uforklarlege økonomiske problem og problem med å betale rekningar.
  • Verkar tilbaketrekt og innovervend overfor familie og det som skjer rundt dei.
  • Har ei sterk overtyding om framtidlige gevinstar.
  • Spelar ålene over lang tid.
  • Skaper krangel for å få et påskot til å komme ut av huset.

Viss du vinn mykje første gongen du spelar må du vere forsiktig. Dei fleste som utviklar eit pengespelproblem startar med å vinne mykje pengar i starten.