Gå til innholdGå til toppen
Hold Control (PC) eller Cmd (Mac) -tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller for å forminske.

Negative følgjer av spelinga

Speleavhengigheit dominerer livet til den som blir ramma. Problema får ofte store konsekvensar for sosiale aktivitetar, arbeid og andre plikter, men også for familien. Det handlar difor om å få hjelp før følgjene av spelinga har gått for langt.

Kva kan bli konsekvensane for spelaren?

  • Sosial isolering.
  • Øydelagde tilhøve til familie og vener.
  • Separasjon og skilsmisse.
  • Skuld- og skamkjensle.
  • Angst og depresjon.
  • Alkoholproblem.
  • Forsømmer arbeid eller studiar.
  • Oppsagd på jobben.
  • Sjølvmordstankar og sjølvmord.
  • Truslar og vald.
  • Gjeld.
  • Utkasting frå bustad.
  • Kriminalitet.

Kva kan bli konsekvensane for dei pårørande?

  • Sosial isolering.
  • Separasjon og skilsmisse.
  • Skuld- og skamfølelse.
  • Uro og depresjon.
  • Angst.
  • Alkoholproblem.
  • Løgner.
  • Psykiske problem hos born.
  • Forsømmer arbeid eller studiar.
  • Utkasting frå bustad.
  • Sjukmelding.
  • Gjeld.
  • Truslar og vald.

Kva blir konsekvensane for samfunnet?

  • Store kostnader i form av nedsett produktivitet, auka trygdeutbetalingar og sjukehusopphald.
  • Menneskelege lidingar.
  • Auka behov for forsking/utgreiing, førebyggjande arbeid, støtte og behandling av spelarar og pårørande.

Ei undersøking frå 2003 viser at 22 prosent av tenåringene med pengespelproblem har prøvt å ta sitt eige liv.