Gå til innholdGå til toppen
Hold Control (PC) eller Cmd (Mac) -tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller for å forminske.

Test deg sjølv

Er spelinga eit problem for deg? Du kan teste deg sjølv. Ved hjelp av denne sjølvtesten kan du finne ut om du bør vurdere å gjere noko med speleåtferda di. Dersom du svarer ja på eitt eller fleire av dei følgjande ti spørsmåla, bør du tenkje deg om og vurdere å søkje hjelp.

  1. Tenkjer du stadig på spel? Blir du fråverende når du spelar eller tenkjer på spel?
  2. Spelar du oftare med større innsats for å oppnå større effekt?
  3. Har du nokon gong prøvt å redusere innsatsen eller slutte å spele?
  4. Blir du rastlaus eller irritert ved forsøk på å avgrense speling eller slutte å spele?
  5. Spelar du for å gløyme eller sleppe å tenkje på daglegdagse problem?
  6. Vender du tilbake til spelestaden for å vinne tilbake det tapte?
  7. Lyg du for familie og omgangskrins for å skjule kor mykje du spelar?
  8. Har du gjort noko ulovleg (tjuveri, falskneri, underslag e.l.) for å kunne spele?
  9. Har du forsømt vener og familie eller andre ting som f. eks. jobb eller utdanning på grunn av spel?
  10. Reknar du med at familie eller andre kan løyse dei økonomiske vanskane du er hamna i på grunn av spel?

(Spørsmåla er henta frå det internasjonale diagnosesystemet DSM IV)