Gå til innholdGå til toppen
Hold Control (PC) eller Cmd (Mac) -tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller for å forminske.

Kontakt oss

Ta kontakt på den måten som passar best for deg.

Hjelpelinja 800 800 40 er open alle kvardagar frå kl 09-21. E-post svarar vi på så fort vi kan på vanlege arbeidsdagar mellom kl. 09.00 – 15.30.

Mengda informasjon som vi kan gi på epost vil vere meir avgrensa enn det vi kan gi i ein telefonsamtale.

Anonymitet

Kontakten din med Hjelpelinja er alltid anonym. Rådgjevarane på Hjelpelinja ser ikkje kva nummer du ringjer frå, eller frå kva epost du sender melding. Dette blir anonymisert.
All kommunikasjon mellom deg og Hjelpelinja er kryptert. Det betyr at ingen kan finne ut kvar e-posten er sendt frå. Hjelpelinja lagrar ikkje informasjon som kan identifisere deg om du kontakter oss.

Kven kan ta kontakt?

Alle som har eit speleproblem, eller som lurer på om dei er i ferd med å få eit speleproblem kan kontakte Hjelpelinja. Men også pårørande, vener eller andre som bryr seg om ein person med speleproblem, kan ta kontakt. Du kan stille oss spørsmål om både pengespel eller dataspel.

Kvar kan du få hjelp når Hjelpelinja ikkje er open?

Ved ei krise (vald, truslar, sjølvmordsfare) er det legevakta som bør kontaktast. Det er dei som kan ta imot utanom fastlegar si opningstid.

Her finn du oversikt over behandlingsstadar for speleavhengighet.