Gå til innholdGå til toppen
Hold Control (PC) eller Cmd (Mac) -tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller for å forminske.

Økonomisk rådgjeving

Speleavhengige og familiane deira får ofte økonomiske problem, men du kan få råd og hjelp.

Held fasaden

Mange speleavhengige prøver å skjule gjelda si, og er flinke til å halde fasaden trass i at dei slit og har store bekymringar på grunn av aukande gjeld og speletrang. Til ei viss grad er det råd å bortforklare lån og gjeld fordi det er så vanleg i samfunnet vårt.

Treng hjelp

Men speleavhengigheit kan utvikle seg til å bli svært alvorleg for spelaren slik at dei omkring reagerer. Når familien finn ut kva som har skjedd, må du ofte få hjelp til å rydde opp i økonomien.

Det finst fleire måtar for å få råd og assistanse til å håndtere spelegjeld, og det er viktig å ta tak i problemet før det blir for stort.

Du kan for eksempel ringe Hjelpelinjen 800 800 40. Her kan vi gi deg råd om ulike måter å løyse gjeldsproblem på. Det viktigaste er at du ikkje skubbar problema framfor deg. Jo før du får gjort noko med spelegjelda, desto betre. Ved å halde fram med å prøve å ta igjen det tapte, vil du tape endå meir.

Hjelp frå NAV

Du kan også ta kontakt med NAV for å få hjelp til å rydde opp i vanskelege økonomiske situasjonar. Finn ut meir om kva NAV kan hjelpe deg med.

Ein tredje veg er å prøve å inngå avtaler om løysingar med eventuelle kreditorar.