Gå til innholdGå til toppen
Hold Control (PC) eller Cmd (Mac) -tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller for å forminske.

Løyse økonomiske problem

Dersom du har økonomiske problem, kan du ringe 800GJELD – økonomirådstelefonen i NAV (telefonnummer 80045353). Her gir rådgjevarne deg generelle og enkle råd til kva du kan gjere for å løyse situasjonen din sjølv.

Treng du meir hjelp, så loser rådgjevane deg vidare i NAV-systemet avhengig av kva slags hjelp du treng. Telefontenesta er anonym viss du ønskjer det.

Økonomisk rådgjeving

Du kan søkje om økonomisk rådgjeving viss du:

  • opplever ein situasjon der knappe økonomiske ressursar gjer det vanskeleg å dekke nødvendige behov
  • får problem med å betale rekningane dine
  • får vanskar med å betale gjelda di

NAV-kontoret eller kommunen kan hjelpe deg å setje opp ein oversikt, eit budsjett, over inntekter og utgifter for å sjå om inntektene er store nok til å dekke utgiftene. Her vil du få opplysningar om kva rettar og plikter du har, i tillegg til rettleiing om kva du må gjere vidare.

Andre område du kan få rådgjeving til er

  • å lage ei oversikt over helie din og familienes økonomiske situasjon
  • å setje opp eit budsjett
  • å finne løysingar for å redusere utgifter
  • gjere avtaler med dei du skuldar pengar
  • skrive søknad om utsetjing av betaling til kreditorar
  • viss du har for mykje gjeld til å betene, få hjelp til å søkje gjeldsordning

Økonomisk rådgjeving frå NAV er gratis. Hjelpa legg til grunn eit godt samarbeid, og vilje til å ordne opp i dei økonomiske problema. Meir info om økonomisk rådgjeving hos NAV.