Gå til innholdGå til toppen
Hold Control (PC) eller Cmd (Mac) -tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller for å forminske.

Pårørande

Speleavhengigheit dominerer livet til den som blir ramma, og får ofte konsekvensar både for familie, arbeid og sosiale aktivitetar. Difor er det gjerne pårørande som først tek initiativ til at spelaren skal gjere noko med problemet.

Vanskeleg situasjon

Mange pårørande er i ein svært vanskeleg situasjon, særleg dei som lever saman med spelaren. Plutseleg oppdagar dei kanskje at den partneren dei stolte på har levd eit dobbeltliv. Dei føler noko er gale sidan den speleavhengige ofte blir fråverande både fysisk og psykisk. Nokre mistenkjer utruskap eller stoffproblem. Dei har ofte prøvd å spørje, men blir møtte av bortforklaringar og løgner.
Avsløringa skjer gjerne i samband med krisesituasjonar i økonomi eller ved åtvaring eller oppseiing av jobb. Spelaren er ofte deprimert og fortvila når «ballongen sprekk». Sjølvordstankar kan dukke opp som ei desperat løysing.

Det er ein stor risiko for at du som nær pårørande blir medavhengig. Du tilpassar ditt liv til spelaren og prøver å beskytte vedkomande. Det er forståeleg at du vil hjelpe den du er glad i, men slik hjelp fører ofte til at du støttar den avhengige i å halde fram spelinga si. Du reduserer spelaren sine  negative konsekvensar av sitt spel, noko som aukar risikoen for at spelinga ikkje sluttar. Dessutan kan du øydeleggje ditt eige liv og helse ved å ta ansvar for spelaren.

Du kan få hjelp

Pårørande kan ringe Hjelpelinja 800 800 40 for å få råd og hjelp i ein vanskeleg situasjon.