Gå til innholdGå til toppen
Hold Control (PC) eller Cmd (Mac) -tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller for å forminske.

Er partnaren min speleavhengig?

Det spelaren gjer er ikkje din feil og ikkje ditt ansvar. Dersom spelaren ikkje tek omsyn til dine krav, er det spelaren som også må ta konsekvensane. Søk hjelp og støtte først og fremst for din eigen del.

Sjå gjennom spørsmåla nedanfor, kanskje det kan vere til hjelp for å finne ut om partneren din er speleavhengig (frå GamAnon Norge):

  1. Er du konstant bekymra for rekningar som ikkje er betalte?
  2. Er personen det gjeld ofte borte frå heimen i lange periodar utan forklaring?
  3. Er denne personen borte frå arbeidet på grunn av speling?
  4. Kan du ikkje stole på denne personen når det gjeld pengar?
  5. Blir du gitt lovnad om at han/ho skal slutte å spele, men opplever at vedkomande likevel held fram med spelinga?
  6. Brukar denne personen meir tid på spelinga enn han/ho hadde planlagt, heilt til siste krone er brukt opp?
  7. Drar denne personen tilbake for å prøve å vinne tilbake det som er tapt, eller for å vinne meir?
  8. Spelar denne personen for å vinne pengar til å løyse økonomiske vanskar?
  9. Låner denne personen pengar for å spele eller for å betale spelegjeld?
  10. Er personen sitt rykte blitt skadd på grunn av speling, eller har vedkomande kanskje til og med gjort seg skuldig i lovbrot for å finansiere speling?
  11. Er du komen til eit punkt der det å gøyme unna pengar er nødvendig for at familien skal ha pengar til mat og kle?
  12. Søkjer du gjennom denne personen sine kle, går gjennom lommeboka når høvet byr seg, eller sjekkar kva han/ho held på med?
  13. Gøymer han/ho unna pengar?
  14. Har du merka endringar i personligheit når spelinga har utvikla seg?
  15. Lyg personen ofte for å dekkje over, eller nektar for, sine speleaktivitetar?
  16. Blir du bebreida for hans/hennar speleproblem?
  17. Prøver du å forutsjå personen sitt humør eller å kontrollere vedkomande sitt liv?
  18. Lir denne personen nokon gong av skuldkjensle eller depresjonar på grunn av sine speleproblem?
  19. Har spelinga nokon gong ført deg til eit punkt der du har trua med å gå frå han/henne?
  20. Føler du at livet ditt er blitt eit mareritt?

Dersom du kan svare ja på fleire av desse spørsmåla, kan det tyde på at du lever saman med ein speleavhengig som treng profesjonell hjelp.
Det finst også støttegrupper for pårørande.