Gå til innholdGå til toppen
Hold Control (PC) eller Cmd (Mac) -tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller for å forminske.

Kvifor når eg ikkje fram?

Det er aldri lett å nærme seg nokon som har eit spleproblem. Det kan vere ein del hindringar i vegen for at den som har problem ønskjer hjelp. Her er nokre tips om kva du bør gjere og kva du ikkje bør gjere.

Hindringar for å nå fram

  • Problemspelaren føler vedkomande klarer å handtere problemet sjølv.
  • Han/ho kan føle at spelinga ikkje er noko reelt problem.
  • Suget kan vere for stort, spelaren kan føle at å halde fram spelinga er einaste sjansen til å komme seg ut av problema.
  • Kompisen din veit kanskje ikkje at det finst eit hjelpeapparat.
  • Familie og vener kan halde fram med å betale problemspelaren ut av problem slik at det blir enklare å spele vidare.
  • Tidlegere forsøk på å slutte kan ha vore mislykka slik at dei føler det ikkje er noko alternativ til spelinga.
  • Skam og skuld kan gjere at det følest pinleg å få hjelp. Heldigvis er det mange som har søkt om hjelp for problemet og er blitt spelefrie.

Dette kan du gjere

  • Søk hjelp og kunnskap.
  • Ros din ven eller familiemedlemet sine gode eigenskapar.
  • Behald roen når du diskuterer gambling og konsekvensane.
  • Innsjå at det vil gå tid før ting blir betre.
  • Ta kontroll over økonomien til partnaren eller venen din.

Dette bør du ikkje gjere

  • Bli sur på problemspelaren.
  • Oppføre deg som om du er ein betre person enn partnaren/venen din.
  • Setje fram truslar du ikkje har tenkt å gjennomføre.
  • Spele med vedkomande.
  • Ekskludere personen med speleproblem.
  • Forvente rask betring.
  • Låne pengar eller betale ut venen din frå problem.
  • Lage unnskyldningar for den som har problemet.