Gå til innholdGå til toppen
Hold Control (PC) eller Cmd (Mac) -tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller for å forminske.

Velg rett tidspunkt

Hvis du har ein partner eller ven som har speleproblem er det naturleg at du ønskjer å hjelpe. Men dette kan vere vanskeleg.

Ver førebudd

Partnaren eller venen kan fornekte at han/ho har eit problem, og kan også nekte å snakke om det. Difor må du vere førebudd. Du kan kanskje snakke med ein annan ven eller eit familiemedlem for å få hjelp. Det viktigaste du må vite er at du ikkje kan stoppe partnaren/venen din frå å gamble. Dei må sjølve ønskje hjelp før dei klarer å slutte å spele.

Velg den rette augneblinken for å ta kontakt

Hvis partnaren/venen din viser anger for spelinga si, eller har avslutta ein speleperiode, kan det vere eit bra tidspunkt å spørje vedkomande ut om problemstillinga. Derimot kan det vere dumt å tilnærme seg partnaren/venen din når vedkomande spelar. Det kan vere som å tilnærme seg ein med alkoholproblem medan vedkomande er rusa, dei vil då ikkje vere opne for å motta bodskapen.

Dersom du finn eit godt tidspunkt når han/ho ikkje spelar, bør du snakke i ein forståelsesfull og omsorgsfull tone. Om partnaren/venen din startar å resonnere rundt problemet, bør du vere klar til å komme med fakta (problem med skulen, rekningar, pengar som er borte osv.).

Få kunnskap

Det er viktig at du lærer deg korleis speleproblem er og utviklar seg. Meir informasjon om speleavhengigheit får du på her på hjelpenlinjen.no, eller ved å ringje Hjelpelinja 800 800 40. Det kan også vere lurt å vite kvar vedkomande kan få profesjonell hjelp, slik at du kan tilby venen din ein behandlingsstad.

Ikkje skjul problemet

Viss du orsakar partnaren/venen din, og låner vedkomande pengar, er du ikkje til hjelp. Du let vedkomande berre halde fram med problemet sitt. Sjølv om det kan virke enklare å bli med på løgna, hjelper du partnaren/venen din meir med å ta et klart standpunkt. Ansvaret ligg alltid til slutt på den som spelar sjølv. Hugs det er andre familiar som har opplevd det same. De er ikkje ålene!

Snakk ut frå egne kjensler

Fokuser diskusjonen på vedkomande si åtferd, ikke korleis personen er. Fortel korleis tinga venen din gjer har innverknad på deg og livet til andre. Men hugs – ikkje gå til angrep! Då går partnaren/venen din berre i forsvar. Gå heller ut frå korleis du føler det, til dømes slik: ”Eg blir såra når eg ser du spelar fordi…”

Dersom partnaren/venen din kan vere valdeleg eller aggressiv bør du tenkje på din eigen og andre sin tryggleik.

Viss partnaren/venen er open for å få hjelp, er det fint å ha nummeret til Hjelpelinja klar. Fortel vedkomande at du trur det er eit problem sjølv om ikkje spelaren vil innrømme det. Motivér heile tida, likevel kan det hende venen din ikkje innser problemet før det blir ei akutt krise. Hugs å gi venen din klar beskjed om at du er glad i vedkomande sjølv om det han eller ho gjer ikkje blir akseptert. Gi utrykk for din kjærleik sjølv om du må ta tøffe avgjerder som å be nokon flytte ut.

Set grenser og ver støttande

Viss du fordømer eller blir sur på ein person med speleproblem kan han/ho trekke seg tilbake i sine eigne problem. Speleavhengigheit er ei alvorleg sak, det kan vere nyttig å setje strenge og klare grenser, og kanskje ta over styringa av økonomien inntil personen er komen på rett kjøl. Hugs at den som spelar mest sannsynleg gjer det ut frå ein anna grunn enn å tene pengar. Ikkje gløym at spelarar er flinke til å lyge for seg sjølv og til deg.

Få hjelp sjølv

Finn ein stad du kan få utløp for kjensler og frustrasjon, anten med vener og familie eller med støttegrupper.