Gå til innholdGå til toppen
Hold Control (PC) eller Cmd (Mac) -tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller for å forminske.

Personvern

Når du ringjer til Hjelpelinjen er du heilt anonym. Den som svarer veit ikkje kven du er, og ser heller ikkje kva for telefonnummer du ringjer frå. Noko av informasjonen som kjem fram i samtalen vil bli registeret til statistisk bruk. Ingen slike opplysningar kan sporast tilbake til den som ringjer.

Anonyme data

Informasjonen blir registrert av Hjelpelinja sitt personale, og anonyme data blir sent vidare til Lotteritilsynet som utarbeider samtalestatistikk. Statistikken blir mellom anna brukt av styresmaktene i arbeidet med å førebyggje og redusere speleproblem.

Du står i sentrum

Når du ringjer Hjelpelinja er det først og fremst deg og dine behov for støtte og hjelp som står i sentrum for samtalen. Sjølv om det også er eit mål for Hjelpelinjen at det skal samlast og systematiserast informasjon om speleproblem, er ikkje samtalen eit intervju med deg. Det er din situasjon som er styrande for samtalen. Du kan også reservere deg mot at informasjonen du gir blir registrert.

Informasjonskapslar/cookies

Som ein viktig del av arbeidet med å lage ein brukarvenleg nettstad, ser vi på brukarmønsteret til dei som besøker nettstaden. For å analysere informasjonen, brukar vi analyseverktøyet Google Analytics. Dette verktøyet brukar informasjonskapslar/cookies, som gir informasjon om den enkelte brukar sin aktivitet på nett.  Døme på kva statistikken gir oss svar på er; kor mange som besøker ulike sider, kor lenge besøket varer, kva nettstader brukarane kjem frå og kva nettlesarar som blir brukt. Ingen av informasjonskapslane gjer at vi kan knytte informasjon om din bruk av nettstaden til deg som enkeltperson.

Det er Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom)som fører tilsyn etter ekomlova. Ekomlova sitt vilkår for å bruke informasjonskapslar/cookies er at brukaren har samtykka til dette. Du som brukar treng ikkje gjere noko aktivt for å godta bruk av informasjonskapslar, så lenge det er ein klar og tydeleg informasjon tilgjengeleg på nettsida. Les mer om Datatilsynets krav til bruk av informasjonskapslar.

Spørsmål?

Har du spørsmål til noko av dette – om kva som blir registrert –  kan du spørje den som svarar ved Hjelpelinja, eller du kan kontakte Sykehuset Innlandet HF Sanderud som er ansvarleg for registreringa. Eventuelt kan du kontakte Lotteritilsynet som er ansvarleg for å utarbeide webanalyse og samtalestatistikken. Statistikkane for dei siste åra finn du på våre  ‘Fakta og info -sider’.