Hopp til hovedinnholdet

Økonomisk hjelp

Speleavhengige og familiane deira får ofte store økonomiske problem, men det er mogleg å få råd og hjelp.

Mange speleavhengige prøver å skjule at dei har gjeld, og er flinke til å halde fasaden til trass for at dei slit og har store bekymringar på grunn av auka gjeld og trang til å spele. Til ei viss grad er det mogleg å bortforklare lån og gjeld fordi det er så vanleg i samfunnet vårt.

Men speleavhengigheit kan utvikle seg til å bli så alvorleg for spelaren at omgjevnadane reagerer. Når familien finn ut kva som har skjedd, må dei ofte få hjelp til å rydde opp i økonomien.

Ta tak i problemet før det blir for stort

Det finnast fleire måter for å få råd og hjelp til å handtere spelegjeld, og det er viktig å ta tak i problemet før det blir for stort.

Du kan ta kontakt med oss i Hjelpelinjen. Vi gir deg råd om ulike måtar å løyse gjeldsproblema på. Det viktigste er at du ikkje skyv problema framfor deg. Jo før du får gjort noko med spelegjelda, jo betre. Ved å halde fram med å prøve å ta igjen det tapte, vil du tape endå meir.

Du kan også ringe anonymt til 800GJELD – økonomirådstelefonen i NAV (telefonnummer 800 45 353). Her gir rådgivarane deg generelle og enkle råd til kva du kan gjere for å løyse situasjonen din sjølv.

Korleis løyse økonomiske problem

Siviløkonom Hallgeir Kvadsheim har jobba med å hjelpe menneske i økonomiske kriser i ti år. Han har også jobba med speleavhengige. Her er Kvadshein sine råd til å få orden på økonomien.

Start behandlinga og få stadfesting på det

Det er mogleg å få hjelp, og det finnast behandlingstilbod.

Å starte i behandling er ekstremt viktig om du skal komme deg ut av dei økonomiske problema.

Bankane set nødbremsa på dersom dei ser at du har høg og ny gjeld. Dersom du vil foreslå ei løysing for banken er det større sjanse om du har ei stadfesting på at du har starta behandling, og verkeleg vedkjent deg at du har eit problem. Elles kjem du ingen veg.

NAV har økonomisk rådgjeving

Mange forbind NAV med arbeidsløysepengar eller sosial støtte, men kvar kommune skal også gi tilbod om økonomisk rådgjeving. Nummeret til NAV er 55 55 33 39.

Kontakt banken

Kontakt banken eller bankene dine og be om en nedbetalingsavtale. Dei vil i utgangspunktet ikkje forhandle med deg dersom dei ser at du har høg, fersk gjeld. Dersom du skal foreslå ei løysing må du kunne vise til at du er begynt å gå i behandling.

Vurder å sperre deg sjølv for kreditt

Du kan ringe kredittvurderingsbyrå og be om å bli kredittsperra. No er det slik at du kan åpne den igjen sjølv, med mindre du har økonomisk verge. Men sperrar du den gjer du det litt vanskelegere for deg sjølv, for eksempel om du sit seint på kveld og kjenner trong til å spele.  Jo fleire hindringar du lagar på vegen, dess vanskelegare blir det for deg å spele.

Sei opp kontoar hos utanlandske spelselskap

Vi ser at nokon utanlandske spelselskap tar kontakt sjølv og tilbyr startpakkar, sjølv om du har bedt dei om å la vere. Men sei likevel opp og be om å ikkje bli kontakta igjen. Sjå for deg at du lagar mange hindringar for deg sjølv når du skal spele. Som at du set opp hekkar på ei løpebane.

Ikkje la heile korthuset ramle

Sjølv om du skuldar fleire millionar i forbrukslån må du passe på å betale dei faste utgiftene dine, som husleige eller huslån, straum og mat. Du må ikkje risikere at du blir kasta ut av huset, eller mistar straumen. Vi ser at nokon mentalt gøymer bort alt som kjem av rekningar, og bruker heile løna på dei kreditorane som masar mest. Du må prioritere å dekke ditt eige livsopphald.

Sist endra