Hopp til hovedinnholdet

– Du finn personar med speleproblem i ein kvar garderobe

Den eine var ambassadør for eit ulovleg spelselskap og den andre var speleavhengig. No jobbar dei saman for å hjelpe menneske med speleproblem i idretten.

Per Ivar Staberg
Per Ivar Staberg er dagleg leiar i Bortekamp. Foto: Blå Kors

Per Ivar Staberg og Ørjan Hopen vart kjent på fotballbana, Per Ivar var toppdommar og Ørjan eit ungt talent på Sogndal i eliteserien. Dei hadde same humor og fekk raskt god kjemi. Dei vart gode vener.

På same tid som at Ørjan gjorde suksess som Sogndal-spelar fekk han stadig større problem med å kontrollere pengespelinga. I 2011 sprakk bobla første gongen. På det meste hadde han spelt vekk eit par hundre tusen på eit par dagar.

– Eg hadde lånt pengar via via og var på ein måte pressa opp i eit hjørne.

Ørjan fekk hjelp med speleproblema. Då han flytta til Levanger i 2015, og Per Ivar oppdaga at han ikkje fekk spele for Levanger i Obos-ligaen, gjekk varsellampene. Ørjan spelte pengespel igjen.

– Eg kan ikkje skulde på trenaren, men meg sjølv. Eg har spelt for mykje og lånt pengar av gutane på laget, sa Ørjan til meg. Har du ikkje pengar å spele for så må du la vere svarte eg.

Den gong forstod ikkje Per Ivar at speleavhengigheit var ein sjukdom.

Oddsekspert i ulovleg spelselskap

Det var kanskje ikkje så rart at kjennskapen til speleproblem var låg. Per Ivar jobba som oddsekspert hos NordicBet. Etterkvart fekk han tilbakemeldingar frå personar som stussa på at han dømde for Norges Fotballforbund, samtidig som han jobba for eit ulovleg pengespelselskap. Det fekk han til å reflektere.

– Det var ikkje vanskeleg å takke ja til NordicBet. Dei betalte godt, og eg reflekterte ikkje den gong over at speltilbodet var forbode i Norge. Så delte Ørjan si historie, eg fekk meir kunnskap og slutta i NordicBet.

For Ørjan hang sporten og spelet tett i hop.

– Det blir ein kultur. Dei som er i sportsmiljøet er opptatt av sporten. Dei er meir eksponerte. Du har 20 konkurransemenneske som fartar rundt, seier Ørjan.

Per Ivar har sett det same.

– I retroperspektiv såg eg fleire skjebnar. Som dommar er du tett på spelarane, og i pausane sat dei ofte med mobilen. Eg forstår no at mange spelte pengespel.

Ørjan Hopen. Foto: Bortekamp.
Ørjan Hopen er erfaringskonsulent i Bortekamp. Foto: Bortekamp.

Per Ivar angrar på at han tok jobben hos NordicBet, og fortel at du blir ikkje høgt kreditert om du har spelt på det andre laget.

Ein gard i Trondheim vart spiren til samarbeid

Ørjan flytta til Oslo i 2017 og melde overgang til Skeid. Speleproblema slapp ikkje og det enda med at han la opp, 25 år gammal. Ørjan ringde Per Ivar og spurte om han hadde jobb til han.

– Din jobb er å bli frisk og kvitt speleproblema. Når du har gjort det kan eg kanskje hjelpe, svarte Per Ivar.

Då det var fire månadar sidan Ørjan hadde levert eit spel, ringde han på nytt til Per Ivar. Han var lysten på å ta tak i livet sitt og gjere comeback på fotballbana. Per Ivar hadde ein sparegris og leigde ein gard.

– Eg såg ein moglegheit til å bygge opp att ein som låg nede både fysisk og mentalt. Det var viktig at han skulle halde seg unna spel. Dette vart spiren til Bortekamp.

Det starta på ein måte på garden. Begge vart tvungne til å organisere tankane sine. Det var inngangsporten til at Ørjan utvikla interesse for fagfeltet og at Per Ivar sette seg skulebenken. Slik utvikla dei eit program retta mot toppfotballen basert på Ørjan og Per Ivar sine eigne erfaringar, samt fakta og kunnskap.

Ein av ti eliteseriespelarar har problem med pengespel

NISO og VG gjennomfører årlege undersøkingar av omfanget av psykiske problem i eliteserien. I 2019 fekk Per Ivar dei til å ta inn omfanget av speleproblem.

– Den siste undersøkinga viser at ti prosent har eit problematisk forhold til pengespel. Eg trur omfanget er det doble. Mi erfaring er at det er mykje mørketal, seier Per Ivar.

Han legg til at sjølv om dette er mest utbreidd i toppfotballen, ser ein det same i lågare divisjonar.

– Det er dei same mekanismane og den same kulturen i topp og breidde. Kjærleiken til idretten og at dei likar å konkurrere gjer dei ekstra utsette for å utvikle eit speleproblem.

Ørjan har det betre no, men gjelda er framleis tyngande. Han trur han har tapt 3-4 millionar kroner på spel. Fleire dagar i veka blir han oppringd av inkassoselskap, som ei påminning om speleproblema han hamna i. For han er det givande å hjelpe andre som erfaringskonsulent i Bortekamp.

– Klubbane må ta eit større ansvar for å gjere det lettare å fortelje om speleproblem. Slik det er no kan du i realiteten øydelegge heile karrieren om du går ut og seier at du har eit problem når du for eksempel er 24 år.

– Det er så tabubelagt

Det er mykje skam knytt til å ha speleproblem. Det kjende Ørjan også på.

– Skamma blir så mykje større på grunn av oppfatninga i samfunnet. Sånn «for ein tosk, du må jo berre slutte å spele, du har jo ikkje pengar». Det var det første Per Ivar sa til meg, seier Ørjan.

Per Ivar er eining i at skamma blir stor når ein får det «tosk-stempelet». Han meiner at det ein enorm pengeskam i Norge.

– Det tyngste folk fortel omgjevnadane om er at dei slit økonomisk. Speleavhengigheit er garantert katastrofalt for økonomien din. Nettopp difor er det så viktig at folk forstår og har kunnskap om speleproblem.

Han meiner dei ulovlege spelselskapa livnærer seg på problemspelarar.

– Mange av selskapa tar kontakt med spelarar som er i raud sone. Den direkte marknadsføringa brukar dei bevisst, mot spelarane dei tener mest pengar på.

Fakta om Bortekamp

Bilde av Bortekamp på Norway cup med generalsekretær Pål Trælvik og Kulturminister Anette Trettebergstuen.
Bortekamp var til stades på Norway Cup 2022. Frå venstre ser vi Per Ivar Staberg, generalsekretær Pål Trælvik i Norway Cup, kulturminister Anette Trettebergstuen, Gunther Vogt (frivillig i Bortekamp) og Ørjan Hopen.

Bortekamp sitt mål er å forebygge pengespelproblem og betre den mentale helsa i norsk idrett. Deira fremste bidrag til dette er å overføre erfaringsbasert kunnskap ut til idrettsutøvarar gjennom foredrag, workshops og kunnskapsprogram.

Gjennom dette arbeidet ønsker dei å skape større openheit om psykiske problem i idretten. Noko som igjen vil føre til at temaet blir mindre tabubelagt i lokalmiljøa til idrettslaga. Per Ivar Staberg er dagleg leiar og Ørjan Hopen jobbar som erfaringskonsulent. Totalt er dei tre tilsette. Les meir om Bortekamp.

Publisert