Om oss
Hjelpelinjen er eit samarbeid mellom Lotteritilsynet og Blå Kors.
Lotteritilsynet har resultatansvar og ansvar for informasjon og marknadsføring. Den fysiske tenesta er lagt til Blå Kors spilleavhengighet og det er dei som møter deg når du tar kontakt med Hjelpelinjen.
Målsettinga med Hjelpelinjen er å:
- hjelpe menneske i krise
- vise til anna hjelp, mellom anna behandling
- samle informasjon om speleavhengigheit
Hjelpelinjen 800 800 40 er bemanna av helsepersonell som har spesialopplæring innan speleavhengigheit.
Kontakt oss
Ta kontakt på den måten som passar best for deg.
- Ringe: 800 800 40
- Chat med oss.
- E-post: post@hjelpelinjen.no
Hjelpelinjen 800 800 40 er open alle kvardagar frå kl 09.00 til 18.00.
Chat er open kvardagar 11.00-15.00
E-post svarar vi på så fort vi kan på vanlege arbeidsdagar mellom kl. 09.00 og 15.30. Mengda av informasjon som blir gitt på e-post vil vere meir avgrensa enn det vi kan gi i ein telefonsamtale.
Heilt anonym
Kontakten din med Hjelpelinjen er alltid anonym. Rådgjevarane på Hjelpelinjen kan ikkje sjå kva nummer du ringer frå, eller frå kva e-post du sender melding. Dette blir heilt anonymisert. I tillegg er all kommunikasjon mellom deg og Hjelpelinjen kryptert. Det betyr at ingen kan finne ut kvar e-posten din er sendt frå. Hjelpelinjen lagrar ikkje informasjon som kan identifisere deg dersom du kontakter oss.
Kven kan ta kontakt?
Alle som har eit speleproblem, eller som lurer på om dei er i ferd med å få eit speleproblem kan kontakte Hjelpelinjen. Også pårørande, venner, arbeidsgivar eller andre som bryr seg om ein person dei trur har problem med spel, kan ta kontakt.
Du kan stille oss alle typar spørsmål, om både pengespel eller dataspel. Vi lytter til deg!
Kvar får du hjelp når Hjelpelinjen ikkje er open?
Ved ei krise (vald, truslar, sjølvmordsfare) skal du kontakte legevakta. Det er dei som kan ta imot utanom fastlegar si opningstid.
Her kan du finne oversikt over behandlingsstadar for speleavhengigheit.