Hopp til hovedinnholdet

Personvern og informasjonskapslar

Når du ringer eller chattar med Hjelpelinja er du heilt anonym. Den som svarar veit ikkje kven du er, og ser heller ikkje kva telefonnummer du ringer frå. Noko av informasjonen som kjem fram i samtalen vil bli registeret til statistisk bruk. Ingen slike opplysningar kan sporast tilbake til den som ringer. Chatten blir automatisk sletta etter 72 timar.

Anonyme data

Informasjon blir registrert av Hjelpelinja sitt personale, og anonyme data blir sendt vidare til Lotteritilsynet, som utarbeider samtalestatistikk. Statistikken blir mellom anna brukt av styresmaktene i arbeidet med å førebygge og redusere speleproblem.

Du står i sentrum

Når du ringer Hjelpelinja er det først og fremst deg og dine behov for støtte og hjelp som står i sentrum for samtalen. Sjølv om det også er eit mål ved Hjelpelinja at det skal samlast og systematiserast informasjon om speleproblem, er ikkje samtala eit intervju med deg. Det er din situasjon som er styrande for samtalen. Du kan også reservere deg mot at informasjonen du gir blir registrert.

Informasjonskapslar

Som ein viktig del av arbeidet med å lage ei brukarvenleg nettside, ser vi på brukarmønsteret til dei som besøker nettsida. For å analysere informasjonen, brukar vi analyseverktøyet Google Analytics. Dette verktøyet brukar informasjonskapslar/cookies, som gir informasjon om den enkelte brukar sine bevegelsar.  Eksempel på kva statistikken gir oss svar på er; kor mange som besøker ulike sider, kor lenge besøket varer, kva nettsider brukarane kjem frå og kva nettlesarar som blir brukt. Ingen av informasjonskapslane gjer at vi kan knyte informasjon om din bruk av nettsida til deg som enkeltperson.

Du som brukar av nettsida treng ikkje gjere noko aktivt for å godta bruk av informasjonskapslar, så lenge det finst informasjon lett tilgjengeleg på nettsida.

Hjelpelinja på Facebook

Hjelpelinja brukar Facebook for å gjere hjelpetilbodet kjent, og for å vere til stades i relevante kanalar for målgruppene våre. I sosiale medium formidlar vi aktuelt innhald frå nettsida eller andre kjelder, og viser til hjelp. Vi brukar ikkje Facebook eller Messenger til å ta i mot spørsmål frå problemspelarar eller pårørande. Då viser vi til chat eller telefon. Men vi kan svare på generelle spørsmål om hjelpetilbod m.m.

Sist endra