Hopp til hovedinnholdet

– Eit stort problem mange slit med i skjul

Bilde av Lene Drange, økonom og programleder i Luksusfellen.
– Dei første stega er å fortelje nokon om problema og begynne jobben med å klare å slutte å spele, seier Lene Drange, økonom og Luksusfellen- programleiar.

Spelarar med millionar i gjeld tar kontakt med Luksusfellen. Sjå økonom Lene Drange sine tips til korleis du kan få økonomisk hjelp.

Det startar ofte med at det kjem inn ein søknad skriven langt på natt i ei desperat stund. Kvar sesong har TV- programmet Luksusfellen ein episode om speleproblem. Men dei får langt fleire henvendelsar enn dei kan ha med i programmet.  

– Vi ser at ein spelar vanvittig mykje. Store summar på veldig kort tid. Dei går frå å ha ein heilt ok økonomi. Eg trur i det verste tilfella har ein spelt vekk to millionar på ca. eit halvt år, seier Lene Drange, økonom og programleiar i Luksusfellen.

-Det å løyse eit så stort problem aleine går jo ikkje så bra. Dei skjuler det godt, både gjelda og speleproblema, og så skjer det noko som tvingar dei til å fortelje det. Det kan for eksempel vere at bilen eller huset blir tvangsselt.

Mange har tatt opp forbrukslån

Drange fortel at mange har tatt opp forbrukslån, etter å ha spelt vekk sine eigne pengar.

– Det startar ofte med eit kredittkort, for det har jo stort sett alle. Så har ein tømt det, og finn ut at det er enkelt å skaffe 100 000 til, og så kjem desse forbrukslåna på 3, 4 eller 5 millionar kroner.

Mange opplever at det er enkelt å ta opp forbrukslån for å spele. Litt og litt, og så kan dei kanskje vinne den store premien.

– Så då blir ein også avhengig av å ta opp lån, fordi det er så enkelt.

– Det går an å få det betre

Drange fortel at det går bra med mange av dei ho har møtt gjennom jobben i Luksusfellen. Nokre er allereie blitt gjeldsfrie, og har slutta å spele. Dei to første stega er å fortelje nokon om problema og begynne jobben med å klare å slutte.

– Det er ikkje så lett, og då treng ein ofte hjelp, som å gå til fastlegen og få behandling lokalt.

Når ein er i gang med dei to stega er ein klar for neste steg, som er å jobbe med gjelda.

Sjå tipsa frå Lene Drange:

Offentleg gjeldsordning

Sidan speleavhengigheit er ein sjukdom kan ein kvalifisere til gjeldsordning, som betyr at du kan betale ned så mykje du klarer på 5-7 år, og så få sletta resten av gjelda. For å få gjeldsordning må gjelda eigentleg vere meir enn to år gammal.

-Men dersom ein har vore eller er speleavhengig og har dokumentasjon på det kan ein søke om gjeldsordning med ein gong ein startar i behandling.

Økonomisk verge

Drange seier at det også kan vere lurt å få økonomisk verge ein periode, for å få problema litt på avstand.

– Det kan vere nokon i nær relasjon eller via Statsforvaltaren. Dei kan bistå litt, i alle fall med kreditorane. Inkassoselskapa ringer deg sikkert ti gongar i kvar ulike sak i løp av ein månads tid og du blir spamma med brev. Den belastninga er ganske stor, så det er fint å ha nokon å stå i det med.

Skift mailadresse og telefonnummer

Det er også nokre som skiftar mailadresse og telefonnummer, for å unngå å bli kontakta av spelselskapa.

-Dersom du spelar hos Betsson og Unibet kan du berre fryse kontoen din i seks månadar, så kan du slette den. Det er jo eit problem i seg sjølv, og det er jo fordi ein skal begynne å spele igjen. Då treng ein ofte litt hjelp til å stå i den slettinga.

Snakk med kreditorane

Drange fortel at dersom ein slit med gjeld må ein snakke med kreditorane ein allereie har, framfor å refinansiere og dermed få nye.

– Når det gjeld inkassoselskapa kjem du ganske langt berre ved å ringe rett til dei. Dei har system for kva dei skal gjere.

Det er også mange kredittkort som har forsikring.

-Det vil seie at ein kan få dekka avdrag i inntil eit år, dersom ein blir sjukemeldt ein periode eller har ein varig sjukdom.

Gratis økonomisk rådgiving hos NAV

NAV har gratis rådgiving om privatøkonomi, og ein eigen økonomi- og gjeldsrådgivingstelefon.

Nummeret dit er 55 55 33 39.

Publisert