Hopp til hovedinnholdet

Fleire samtaler til Hjelpelinjen

Pressebilde av seniorrådgivar i Lotteritilsynet, Lars Petter Degnepoll
Lars Petter Degnepoll er seniorrådgivar i Lotteritilsynet. Foto: Dagrunn Reiakvam

Samtaler til Hjelpelinjen aukar for andre året på rad. Det er samtaler om kasinospel på nett som har auka mest.

Godt over halvparten av førstegongssamtalene til Hjelpelinjen kom i 2023 frå personar som hadde kasinospel på nett som hovudproblem.

Flest problem med utanlandske nettkasino

Av samtalene om kasinospel er det utanlandske nettkasino som dominerer. 62 prosent av dei som hadde problem med kasino, har oppgitt problem med eit utanlandsk nettkasino. I 25 prosent av samtalane har spelaren oppgitt både Norsk Tipping og eit utanlandsk nettkasino. I 7 prosent av samtalene har spelaren hatt problem med Norsk Tipping.

– Det er kanskje litt overraskande at det er ein ny auke i problem med kasinospel, då befolkningsundersøkinga frå 2022 viser ein nedgang i speleproblem. Hjelpelinjestatistikken fangar opp dei som har så store problem med pengespel at dei søker hjelp, og på dette området er det berre små skildnader år for år, seier seniorrådgivar Lars Petter Degnepoll i Lotteritilsynet.

Av spela som oftast er nemnt som problematiske på Hjelpelinjen, er kasinospel på nett i ei særstiling med ein stigande trend dei siste fem åra. Både odds- og liveodds, og poker, som er dei mest problematiske spelkategoriane bak kasinospel, har ein fallande trend dei siste fem åra når det gjeld førstegongssamtaler til Hjelpelinjen.

Mange taper store summar

Det er framleis ganske mange som rapporterer store tap når dei tek kontakt med Hjelpelinja.

– Andelen som rapporterer at dei har tapt meir enn 20 000 kroner dei siste vekene er dessverre framleis høg. I samtaler der vi har kunnskap om det, svarar 40 prosent at dei har tapt meir enn 20 000 kroner dei siste fire vekene, seier Degnepoll.

Mange spelarar har også høg gjeld, men her er andelen lågare enn før Gjeldsregisteret kom i 2019.

Les heile hjelpelinjestatistikken for 2023 her.

Publisert