Hopp til hovedinnholdet

Fleire søker hjelp for speleproblem

I 2021 tok fleire spelarar kontakt med Hjelpelinjen, enn året før. Flest samtalar handlar om dei farlegaste kasinospela.

Hjelpelinjestatistikken for 2021 viser at det har vore ein auke i spelarar som søker hjelp for problema sine. Auken kom etter to år med nedgang i talet på personar som kontakta Hjelpelinjen. Det er også fleire spelarar som søker hjelp etter å ha spelt hos utanlandske pengespelselskap som tilbyr spel ulovleg i Noreg.

– Talet på samtalar om spelarar er tilbake på same nivå som før pandemien, så utviklinga er truleg eit uttrykk for at spelmarknaden er tilbake til «normalen». I 2020 såg både norske og andre nordiske styresmakter at bruken av dei nasjonale hjelpelinjene gjekk ned då samfunnet blei ramma av koronapandemien, seier seniorrådgivar i Lotteritilsynet Lars Petter Degnepoll.

Lars Petter Degnepoll er seniorrådgivar i Lotteritilsynet.
Lars Petter Degnepoll er seniorrådgivar i Lotteritilsynet.

Det samla talet på samtalar om spelarar var 767 i 2021. Det er 51 fleire enn i 2020. I 2019 var talet 757.

– Vi bruker førstegangssamtalar når vi gjer dei fleste analysane av hjelpelinjetala, slik at ikkje spelarar skal bli talde meir enn ein gong. Talet på førstegongssamtalar om pengespel auka med seks prosent frå 2020 til 2021, seier Degnepoll.

Dei farlegaste spela aukar mest

Det er samtalar om kasinospel, altså dei spela som er rekna for å vere farlegast, flest spelarar tar kontakt om og ønsker hjelp til. Her var auken i førstegongssamtalar på 18 prosent frå 2020 til 2021.

– Vi ser at mange som tar kontakt har problem med utanlandske speloperatørar, seier dagleg leiar i Hjelpelinjen Gjøa Ree-Lindstad.

Av totalt 271 samtalar om kasinospel viste innringaren til ein ulovleg speloperatør i 57 prosent av samtalene. I 31 prosent av samtalane hadde spelaren hatt problem med spel både frå Norsk Tipping og hos ein ulovleg aktør.

Berre i tre prosent av samtalene var Norsk Tipping oppgitt som hovudproblemet. I løpet av 2020 og 2021 reduserte Norsk Tipping tapsgrensene på kasinospel: først frå 10 000 kroner til 7 500 kroner i maksimalt tap per månad, og deretter til 5 000 kroner per månad.

– Dette har redusert den potensielle skaden ein spelar kan gjere på sin eigen eller familien sin økonomi som følge av å spele kasinospel hos Norsk Tipping, seier Degnepoll.

Dei ulovlege tilbydarane skaper flest problemspelarar

Når Hjelpelinjen er blitt kontakta om kasinospel, odds og poker, har spelaren i 50 prosent av tilfella berre spelt hos eit ulovleg utanlandsk selskap. Nokre seier at dei har fått problem etter spel hos både Norsk Tipping og eit ulovleg selskap. Reknar ein med desse, er ulovlege selskap oppgitt som problem i 82 prosent av tilfella.

Litt færre tok kontakt om dataspel

130 tok kontakt grunna problem med dataspel. Det er ein liten nedgang samanlikna med året før. Det er flest pårørande som tar kontakt om dataspel. Action-, skyte-, og krigsspel er oftast nemnde som problemspel, og totalt blir slike spel nemnde i 28 prosent av samtalene.

Gjøa Ree-Lindstad er daglig leder i Hjelpelinjen.
Gjøa Ree-Lindstad er dagleg leiar i Hjelpelinjen.

– I samtalene er sosiale konsekvensar ofte eit tema, og oftast at spelarane ikkje deltar saman med venekretsen eller forsømmer andre, seier Ree-Lindstad.

Tilbodet når spelarane betre

2020 var det første året der ein kunne kontakte Hjelpelinjen via chat. Talet på chat-samtalar har auka noko i 2021. Ein enda meir gledeleg trend er at det ser ut til at Hjelpelinjen i større grad når spelarane sjølve, og ikkje berre pårørande eller andre som tar kontakt på vegner av spelarane.

– I chat-samtalane om pengespelproblem var det i 86 prosent av tilfella spelaren sjølv som tok kontakt. På telefon var det same talet 50 prosent, seier Ree-Lindstad.

Totalt gjaldt 84 prosent av førespurnadene til Hjelpelinjen i 2021 menn, og 14 prosent gjaldt kvinner. Det er om lag som året før.

Les heile samtalestatistikken her.

Publisert