Hopp til hovedinnholdet

Hjelpelinjen blir vidareført

Sykehuset Innlandet har varsla at dei ikkje lenger ønsker å drifte tilbodet frå 2024, men Hjelpelinjen skal likevel vidareførast.

Lotteritilsynet har avtale om drift av Hjelpelinjen med Sykehuset Innlandet fram til 31. desember 2023. Hjelpelinjen skal likevel vidareførast og vidareutviklast. Lotteritilsynet skal lyse ut ny driftsavtale på anbod i 2023.

-Det er synd at Sykehuset Innlandet ikkje lenger vil drifte tilbodet då dei har bygd opp solid kompetanse på pengespelproblematikk sidan 2003, seier konstituert kommunikasjons- og strategidirektør Bjørn Leirdal i Lotteri- og stiftelsestilsynet.

Bjørn Leirdal er konstituert kommunikasjons- og strategidirektør i Lotteri- og stiftelsestilsynet.
Bjørn Leirdal er konstituert kommunikasjons- og strategidirektør i Lotteri- og stiftelsestilsynet.

At Sykehuset Innlandet ikkje lenger vil drifte tilbodet, betyr ikkje at Hjelpelinjen sitt tilbod blir lagt ned. I Regjeringa sin Handlingsplan mot spilleproblemer 2022-25, står det at Hjelpelinjen skal vidareutviklast.

Hjelpelinjen er eit viktig lågterskeltilbod, som hjelper både spelarar og pårørande. Det er også eit tilbod stadig fleire brukar. I 2022 hadde Hjelpelinjen 825 samtalar, det er fleire enn i 2021.

– 55 000 nordmenn har speleproblem og 122 000 er i risikosona. Det er mange der ute som treng hjelp og Hjelpelinjen er eit av fleire viktige tilbod til desse.

Lotteritilsynet sitt samfunnsoppdrag er å sikre ansvarlege pengespel, samt forebygge speleavhengigheit og negative konsekvensar av pengespeltilbodet i Norge.

Publisert