Hopp til hovedinnholdet

Skam knytt til speleavhengigheit er ofte stor: – Ingen vil vere den personen

– Det er ingen som vil vere pappaen eller mammaen som spelte bort alle feriepengane, pengane til konfirmasjonen, eller den som lyg for sambuar eller ektefelle gang på gang. Ingen vil vere den personen, seier Jens Jarle Nielsen ved Blå Kors Borgestadklinikken.

Nielsen arbeider som poliklinisk behandlar ved klinikken i Skien. Dei tilbyr individuell behandling av speleavhengige og har også gruppetilbod.
Borgestadklinikken møter både rusavhengige og speleavhengige.

– Det gir ikkje meining å samanlikne desse gruppene, men ein av forskjellane er at innan rus så veit omgjevnadane ofte om problemet. Er du speleavhengig så er det ingen som veit.

Jens Jarle Nielsen er poliklinisk behandlar ved Blå Kors Borgestadklinikken.
Jens Jarle Nielsen er poliklinisk behandlar ved Blå Kors Borgestadklinikken.



Hemmeleghaldet gjer at då ballongen smell, kjem det som eit sjokk for dei pårørande.

– Det å tenke at nokon brukar spel som flukt eller at nokon kan spele vekk alle pengane, er vanskeleg å forstå. Det er lettare å ha forståing for ein som rusar eller drikk bort vanskelege følelsar.

Noko av kjernen til skam ligg i dette, meiner Nielsen. Sjølv om spel har eksistert i hundrevis av år, er det vanskeleg for folk å forstå.

Familiekrise gjer at spelarane tar kontakt

– Problemspelarane kjem som oftast til klinikken på eige initiativ, men det ligg nesten alltid ei familiekrise til grunn.

Nielsen opplever at korthuset ofte rasar saman når gjelda er blitt så stor at Namsmannen kjem inn i bildet. Når Namsmannen tar trekk i løna så blir du sittande igjen med så lite at du ikkje har pengar til å dekke huslån og anna gjeld.

-Det er ofte det avgjerande trekket, og då dukkar den desperate situasjonen opp. Det finnast unnatak, men det er ikkje ofte vi møter nokon som har gått til fastlegen og fortalt om problemet før det er krise.

Når krisa kjem, kjem også skamma.

Bryt med eigne verdiar

– Skamma med å ikkje handtere eigen økonomi kjem på toppen. Du kjenner ikkje deg sjølv igjen fordi du bryt med så mange av dine eigne verdiar.

Klinikken opplever også at skamma knytt til spel kjem veldig tidleg. Mange fortel at dei veldig tidleg slutta å fortelje om gevinstar.

– Om du begynte å spele då du var 18 år eller eldre, så verkar det som spelaren berre skjønar at dette seier eg ikkje til nokon.

Enkelte spel har høgare status og er lettare å snakke om.

– Det er kanskje mindre skam knytt til å seie at du spelar poker eller sportsspel, men det er sjeldan nokon snakkar om at dei spelar automatspel eller bingo.


-Forventar å bli dømde

I spesialisthelsetenesta møter dei gjerne pasienten etter at hen har vore innom ein eller to instansar først.

-Av og til merkar eg i første samtale at pasienten forventar å bli dømt, eller dei lurer på korleis vi vil sjå på dei.

Pasientane forventar kanskje at dei skal få litt kjeft, men så møter dei noko heilt anna.

– I nokre samtalar merkar vi at det blir ei lette for pasienten når det plutseleg er nokon som snakkar same språk, utan å dømme dei.

Nielsen er opptatt av å fortelje om korleis skam kjem til uttrykk i behandling heilt konkret. Borgestadklinikken i Skien ligg sentralt og for mange som slit med speleproblem kan det vere litt flaut å komme til ein klinikk som folk gjerne forbind med rusproblematikk. Med berre 60 000 innbyggarar er det også stor sjanse for å møte nokon du kjenner.

-Du ser blikket blir slått ned og det er vanskeleg å gå inn på venterommet, den speleavhengige blir gjerne ståande utanfor og ser ut som hen skal i møte eller noko slikt. Du ser skamma ganske tydleg.

Klar medling: – Du kan få hjelp

Mange som kjem til Borgestadklinikken er fortvila menneske i ein akutt situasjon. Behandlarane møter alle typar menneske i alle profesjonar, i ulike aldrar og med forskjellige ressursar.

Ofte har pasienten vore til fastlege, som har vist vidare til distriktspsykiatrisk senter grunna ei anna årsak enn speleproblem. Så kjem pengespel fram i samtalane der. Mange veit ikkje korleis dei skal behandle speleproblem og viser vidare til Borgestadklinikken.

-Vi er den institusjonen i vårt område som jobbar mest med speleavhengige, seier Nielsen.

Ventetida varierer hos Borgestadklinikken, men dei ønsker at den skal vere så kort som mogleg.

– Etter at du er tilvist frå fastlege til Blå Kors Borgestadklinikken blir det vurdert om du har rett til nødvendig helsehjelp i vårt vurderingsteam.

Om pasienten blir vurdert å ha rett til nødvendig helsehjelp får vedkomande ein dato for oppstart av behandling. Behandlingstida er vanlegvis frå fem til tolv månadar og er individuelt tilrettelagt.

– Hos Borgestadklinikken har vi ikkje eit standardløp, men det er ofte åtte eller ti samtalar. Vi legg til rette ut frå behovet til kvar pasient vi møter.

Når behandlinga startar, har det ofte skjedd ein heil del sidan pasienten vart tilvist frå fastlege. Ofte har pasienten begynt å ta tak i økonomien og finne ordningar for å handtere gjelda si.

-Det er bra, for økonomien er ofte det som er komplekst i behandling. Vi behandlar diagnosen speleavhengig, men samtidig er dårleg økonomi og gjeld ein konsekvens av spelinga.

Og bodskapen frå Nielsen er klar: Du kan få hjelp.

-Det som gjer det kjekt å jobbe med spelbehandling, er at det er gode sjansar for at ting skal gå bra. Det går bra i dei fleste sakene.

Les meir om Blå Kors Borgestadklinikken her.

Publisert