Hopp til hovedinnholdet

Den vanskelege samtalen

Lytt til stemmene du møter på Hjelpelinjen og høyr deira erfaringar frå samtaler med spelarar og pårørande. Dei er gjestar i podkasten Spillradioen.

– Alt du seier til oss, blir hos oss. Det er godt å vite for dei som ringer, for det er mykje tabu og skam knytt til speleeavhengigheit, seier Gjøa Ree Lindstad og Mona Cehajic Finstad i Hjelpelinjen til Spillradioen.

Klikk på bildet og lytt til episoden der Hjelpelinjen er gjester 28. april 2022.
Klikk på bildet og lytt til episoden der Hjelpelinjen er gjester 28. april 2022.

Fleire spelarar våga å ta kontakt med Hjelpelinjen då vi opna for chat for eit par år sidan.

– Vi opplev at anonymiteten vi tilbyr er heilt vesentleg for dei som tar kontakt og håpar at fleire som har problem med pengespel eller dataspel kontaktar oss. Vi er berre ein telefon eller eit tastetrykk unna og vil gjerne hjelpe.

Les også om samtalestatistikken for 2021: Fleire spelarar tok kontakt med Hjelpelinjen, enn året før.

Om Spillradioen

Er du opptatt av temaer og problemstillinger knytta til spel? KORUS Øst har speleavhengigheit og problemskapande dataspeling som nasjonalt ansvarsområde, og med podkasten Spillradioen ønsker dei å gjere kunnskap meir tilgjengeleg. Panelet har brei erfaring frå spelfeltet – både innan hjelpetiltak, førebygging og forsking.

Episoden med Hjelpelinjen som gjestar 28. april 2022 kan du lytte til her.

Publisert