Hopp til hovedinnholdet

Fleire søker hjelp hos Hjelpelinjen

Pressebilde av seniorrådgivar i Lotteritilsynet, Lars Petter Degnepoll
Lars Petter Degnepoll er seniorrådgivar i Lotteritilsynet. Foto: Dagrunn Reiakvam

Hjelpelinjestatistikken viser ny auke. Fleire tar kontakt på grunn av problem med pengespel.

Hjelpelinjen hadde 825 samtalar i 2022, mot 767 i 2021.

– 486 tok kontakt for første gong. Dette er litt fleire enn i 2021. Men også frå 2020 til 2021 var det fleire førstegongssamtaler. På same tid veit vi at mange går i fleire år med problem som veks seg store før dei oppsøker hjelp. Vi håpar dette viser at fleire søker hjelp for problema sine, og ikkje at det bli fleire som har problem, seier Lars Petter Degnepoll, seniorrådgivar i Lotteritilsynet.

Færre har høg gjeld når dei tar kontakt

Sjølv om fleire tar kontakt med Hjelpelinjen, ser vi at det blir færre som har svært høg gjeld når dei tar kontakt.

-Innføring av Gjeldsregisteret er truleg ei av årsakene, fordi det gjer at ein spelar ikkje kan ta opp stadig nye forbrukslån når han eller ho går tom for pengar. Strengare grenser for kasinospela til Norsk Tipping kan også spele inn.

Betalingsformidlingsforbodet til bankane, som er eit forbod mot å overføre pengar til og frå ulovlege spelselskap, blir også strengare handheva.

Nettkasino og utanlandske spelselskap dominerer

50 prosent av dei som tok kontakt med Hjelpelinjen var i kontakt om nettkasino. Dette er ein nedgang frå 56 prosent i 2021. Det var 242 førstegangssamtalar om kasino, mot 84 om oddsspel.

-Svært mange av samtalane om kasinospel, odds og poker handlar om spel hos eit utanlandske selskap som ikkje har lov å tilby pengespel i Noreg, seier Degnepoll.

52 prosent av samtalane handla om spel hos dei ulovlege selskapa, dersom vi tar med samtalane der både Norsk Tipping og eit ulovleg selskap har vore omtala, har ein utanlandsk tilbydar vore tema i 86 prosent av samtalane.

Her kan du lese heile Hjelpelinjestatistikken for 2022.

Publisert