Hopp til hovedinnholdet

Fleire spelarar tok kontakt etter innføring av chat

Hjelpelinjen fekk i 2020 nye nettsider og lanserte på same tid chat. Det har resultert i at fleire besøker nettsidene og fleire problemspelarar tar kontakt via chat.

Tidlegare har det vore flest pårørande som tek kontakt, men i år er spelarane sjølve den største gruppa. Likevel er det totalt sett færre som tek kontakt med Hjelpelinja samanlikna med året før.

Nettsidene med eigne sjølvtestar og ny chatteløysing har ført til ein auke i trafikken på nettsida med om lag 1000 brukarar kvar månad.

-Hovudårsaka til auken er ein kampanje i samband med lansering av nye nettsider, men vi ser også ei lita auke resten av året. Det kan tyde på at fleire finn relevant informasjon og vegar vidare til eit behandlingstilbod i sitt nærområde, seier seniorrådgjevar Lars Petter Degnepoll i Lotteritilsynet.

Fleire spelarar med pengespelproblem tok kontakt på chat

Chat-tenesta vi innførte er open 11-15 alle kvardagar. Målet var å senke terskelen for å ta kontakt.

Lars Petter Degnepoll er seniorrådgjevar i Lotteritilsynet.

-Vi veit at det berre er toppen av isfjellet som søkjer hjelp for speleproblem. Statistikken for 2020 kan tyde på at vi har lukkast med å få fleire spelarar til å ta kontakt. Det er nemleg langt fleire spelarar som sjølv tar kontakt enn det har vore dei siste åra, seier Degnepoll.

Tidlegare har flest pårørande tatt kontakt, i 2019 utgjorde dei 54 prosent. I år er det spelarane sjølv som er den største gruppa, og dei utgjer 49 prosent av dei som tar kontakt. For chat-samtaler er delen spelarar som sjølv tek kontakt 63 prosent og pårørande 30 prosent. Det tyder på at terskelen for å ta kontakt på chat er lågare enn på telefon.

Hurtige kasinospel dominerer framleis samtalene

Nok ein gong er det hurtige kasinospel på nett som dominerer samtalane ved Hjelpelinjen, dei fleste gjeld utanlandske kasinospel utan løyve i Noreg. Slike kasinospel står i 2020 for over 50 prosent av førstegongssamtalene. Det er like mange som har tatt kontakt om kasinospel i 2020 som i 2019, sjølv om det totalt sett var 11 prosent færre førstegangssamtaler.

Færre tok kontakt med Hjelpelinjen i 2020

Totalt var det 689 som tok kontakt med Hjelpelinjen om pengespeleproblem i 2020, 601 tok kontakt via telefon og chat og 88 via e-post. Dette er færre enn i 2019, då totalt 764 tok kontakt.

-Det er vanskeleg å seie kvifor færre har tatt kontakt, men hjelpelinjene i både Sverige og Danmark har sett ein liknande tendens. Ei forklaring kan vere at mange har fått påverka arbeidssituasjonen sin. Folk tek i størst grad kontakt med Hjelpelinjen på dagtid og for dei som har vore heime på grunn av pandemien, har det truleg vore vanskelegare å kontakte Hjelpelinjen med familien rundt seg, avsluttar Degnepoll.

Flest pårørande tar kontakt om dataspel

På same måte som for pengespel, viser statistikken at færre har tatt kontakt om dataspel. Totalt var det 115 samtaler som handla berre om dataspel. Det er ein nedgang på 17 prosent samanlikna med året før.

75 prosent av samtalene er telefon eller chat frå pårørande, og pårørande har i alle år dominert dei som tek kontakt om dataspel. Mange barn og unge spelar dataspel og det er ikkje uvanleg at foreldre er bekymra for om desse spelar for mykje. 48 prosent av spelarane som er omtalt er under 18 år og 72 prosent bur hos foreldre eller andre føresette. Det er action-/skyte-/krigsspel som er mest omtalt som hovudproblemspel.

I 2020 fekk Hjelpelinjen totalt 716 samtaler frå eller om penge- eller dataspelarar. Totalt er det ein nedgang på fem prosent frå året før.

Publisert