Hopp til hovedinnholdet

– Ingen snur deg ryggen

Stine Michalesen jobbar som behandlar ved ruspoliklinikken ved UNN i Tromsø.

– Speleavhengige er ofte redde for at dei nære skal snu dei ryggen. Når dei opnar opp og kjem i behandling opplev dei det motsette, seier psykologspesialist Stine Michaelsen.

Michaelsen jobbar som behandlar ved ruspoliklinikken ved UNN i Tromsø i eit tverrfagleg team. Ho arbeider både med rus- og speleavhengigheit. Mange av dei som er speleavhengige er allereie innstilt på å jobbe med problema når dei kjem til ho.

Ein del av dei ho møter i behandling for speleavhengigheit er tung deprimerte. Det er gjerne folk som har hatt problem lenge, nokon av dei har vore gjennom ei gjeldsordning og spelt på seg ny gjeld.

– Dei blir tungt deprimerte. Då må vi vurdere kor alvorleg den psykiske helsa er akkurat no og vege opp kva vi skal ta tak i først.

I tverrfagleg behandling hos UNN blir alle pasientar møtt av både psykolog, lege og sosionom.

– Eg trur det er viktig å få inn sosionomane for å hjelpe med dei økonomiske problema.

Michaelsen får inn i mellom pasientar frå akuttpsykiatrisk eller sjukehus fordi dei har hatt sjølvmordsforsøk.

– Då blir dei vist til meg frå psykiatrisk avdeling eller medisinsk avdeling.

Depressiv grubling

Michaelsen trur sjølvmordsforsøk ofte har bakgrunn i depressiv grubling og skam.

– Dei trur folk vil snu dei ryggen.

Pasientane ho møter er inne i dei negative spiralane og dei deler ikkje med nokon. Det må ofte ei krise til før nokon oppdagar speleproblemet. Dei søker ikkje hjelp sjølv før bobla har sprekt.

– Dei held problema på avstand, det sit langt inne å innrømme for seg sjølv at dei har eit problem.

Ofte ventar dei berre på den store premien som skal løyse alt. Det blir for problemspelaren ein mykje meir tiltalande måte å kome seg ut av problema. Men når bobla først har sprekt, er dei motiverte for behandling. Der vil dei også oppleve at ingen snur dei ryggen.

– Eg kan ikkje huske at eg nokon gong har opplevd at familien har snudd dei ryggen.

Stigmatisering av speleproblem

Historisk har spel alltid vore der. Så kom kristendomen og religion, arbeidsmoral og fornuft.

– Det vart hedensk å spele, det var dårlege verdiar og du var lat.
Seinare vart spel eit teikn på lite fornuft. Det er blitt så integrert i oss at dette er dumskap, at stigmatiseringa har bygd seg opp i samfunnet.

– Kvifor kan du ikkje berre skjerpe deg? Den høyrer eg ganske ofte. Eg trur også mange som jobbar innan psykisk helse heller ikkje forstår dette. Det er lettare å forstå heroinavhengigheit for eksempel.

Michaelsen meiner det er gjort for lite for å snu denne haldninga.

– Vi må ha meir fokus på det og vi må ha meir forståing. Det er mykje stigma rundt rus framleis, men vi ser det begynner å endre seg litt. Speleproblem heng litt igjen, det er for lite informasjon.

For lite kunnskap hos fastlegane

– Gjennom NAV og andre får vi informasjon som peikar på at fastlegen gjerne viser til vidare behandling først når dei får vite kor myke gjeld vedkomande har. Fastlegen forstår ikkje alltid kor tid det er eit speleproblem.

Det er heller ikkje alltid lett for fastlegane å vite kva som er problemet, det kjem an på kva pasienten formidlar. Difor er det viktig at den speleavhengige er open med fastlegen om problema.

– Vi må vere meir proaktive med informasjon, kanskje inn mot Legeforeningen. Kjem vi i dialog er det håp om betring.

– Vi gjer det ikkje så enkelt for pasienten

Michaelsen er opptatt av at det må vere lettare å få behandling.

– Vi gjer det ikkje så enkelt for pasienten alltid, i vertfall ikkje i spesialisthelsetenesta. Pasienten må eksponere seg veldig. Dei må til fastlegen for å bli vist vidare til behandling og møter du ein fastlege som ikkje forstår, må du vere god til å argumentere.

Terskelen med journalføring er også høg for mange, sjølv om ein pasientjournal berre kan lesast av pasienten og helsepersonell. Du kan også be om at delar av journalen blir sperra for enkelte helsepersonell.

– Eg har møtt menneske som studerer medisin eller jus som synes det er vanskeleg at vi skal journalføre. Folk er redd for å få det i journalen, skeptisk til taushetsplikt og kven som har tilgang til journalen.

I slike tilfelle viser dei ofte til Spillavhengighet Norge eller liknande tilbod. Ho er redd mange gir opp.

– Det er sikkert fleire som treng behandling enn dei vi møter. Då er kanskje fjernbasert behandling ein veg inn for dei.

Les også:Fjernbasert behandling av speleavhengige

Publisert