Hopp til hovedinnholdet

Effektiv behandling av speleavhengige på nett

Visste du at det finnast eit nasjonalt behandlingstilbod på nett og telefon for menneske som er speleavhengige?

Frå Sykehuset Innlandet på Sanderud, tilbyr dei behandling uavhengig av kor du bur i landet. Behandlinga varer i tolv veker og skjer ved samtaler på telefon og arbeidsoppgåver på nett. Lågterskel-tilbodet er blitt svært populært.

Silje Kristin Nilsen og Trond Aspeland er dei som behandlar deg.

Bilde av Silje Kristin Nilsen og Trond Aspeland.
Silje Kristin Nilsen og Trond Aspeland.

– Gå inn på spillbehandling.no. Registrer deg via ID-porten så tar vi kontakt innan fire dagar, seier Nilsen.

Kort ventetid og tidseffektiv behandling

Ventetida er mykje kortare enn i tradisjonell behandling og behandlinga er meir tidseffektiv. Du brukar omlag ein time i veka til behandling, alternativet er gjerne ein heil dag i poliklinisk behandling – om du har reisetid. Det einaste du treng for å ta del i behandlinga er pc og telefon. Du treng heller ikkje å bli tilvist frå fastlege, slik du gjer i tradisjonell behandling.

Fjernbasert behandling liknar veldig på tradisjonell behandling. Det handlar om kognitiv åtferdsterapi og både Silje og Trond har brei erfaring og bakgrunn frå arbeid med psykiske lidingar og pengespelproblem.

– Det er noko med å ta livshistoria og tankane som har drive pasientane inn på spel, på alvor. Når dette blir meir bevisst hos pasienten, jobbar vi med viljen til å gjere noko anna enn å spele, seier Aspeland.

Behandlinga for pengespelproblem tar rundt tre månader og er bygd opp i ulike modular. Terapiforma lærer pasienten å stå i mot spel og det er mykje trening og oppfølging på eiga hand inkludert i behandlinga.

Fjernbasert behandling har etter kvart fått veldig stor pågang.

– Vi skulle gjerne hatt fleire ressursar og finansiering til å utvide tilbodet. No har vi sju/åtte samtalar kvar dag, det er i overkant av kva vi kan greie, seier Aspeland.

Eit alternativ til denne behandlinga er å gå til fastlegen og bli vist til eit behandlingstilbod i ditt nærområde. Det finnast mange gode tilbod i Norge og Hjelpelinjen har til ei kvar tid ei oppdatert oversikt.

– For dei som ikkje har eit tilbod i sitt nærområde, er gjerne vårt tilbod avgjerande for at dei søker behandling, seier Nilsen.

Alle typar menneske tar kontakt

Via telefonen møter dei ulike menneske i krise, frå alle samfunnslag. Arbeidet handlar om å ta vare på mennesket og finne forklaringar på kvifor dei har halde fram med pengespel, til trass for at dei har visst kor øydeleggande det har vore i lengre tid. Ein følge av speleproblema er ofte depresjon.

Oftast har spelaren eit normalt fungerande liv og kan vise til mange område i livet dei meistrar. Pengespel greier dei derimot ikkje å handtere. Speleavhengigheit er så dominerande for heile deira forståing av seg sjølv, at dei mistar sjølvfølelse til trass for at dei opprettheld funksjonar i livet elles.

– Vi høyrer ofte at pasienten har eit stort hus, fast jobb, ein fin familie og er den som alle kjem og spør om hjelp. Og så skammar dei seg over at dei ikkje greier å rydde i sine eigne speleproblem, seier Nilsen.

Dei møter også menneske som er ekstra sårbare for å bli pengespelavhengige, alt frå folk som er ufrivillig passive, sjukemeldt frå jobb eller bundne til rullestol, til folk med ADHD eller Parkinsons, som har overdriven tru på eigne evner og slit med styring av impulskontroll.

Det svarte kapittelet

At du kan få diskret behandling utan tilvising frå fastlege gjer at mange kjente personar tar kontakt. Dei møter fleire menneske som har posisjonar i samfunnet. Og så har dei det svarte kapittelet med spel.

-Vi opplev ganske ofte at personen er kjent, eller at det er son eller dotter til ein offentleg person. Dei ønsker ikkje å vise seg på venterommet på eit sjukehus. Andre igjen har kanskje jobbar som ikkje tillèt ordinær poliklinisk behandling, seier Nilsen.

I rusavhengigheit er pasientane ofte flinke til å finne forklaringar på sine problem, som for eksempel behovet for sjølvmedisinering. Speleavhengigheit har eit særtrekk som du ikkje ser i kjemisk avhengigheit.

– Det er at dei lever i spagaten mellom det dei gjer og det dei meiner er rett. Dobbeltlivet skapar eit paradoks i eige liv som er i veldig kontrast til kva dei står for i livet elles, seier Aspeland.

Skamma og skuldfølelsen er veldig dominerande for den speleavhengige, nettopp fordi dei sjølv slit med å forstå kvifor dei ikkje greier å slutte med spel.

– Du må jo berre slutte, det er mange som får den i fleisen, seier Nilsen.

Og så er det lite kunnskap om speleproblem generelt i befolkninga.

– Dette tyder på at folk bagatelliserer speleproblem, det er ikkje nok anerkjent for å vere ei psykisk liding, seier Aspeland.

Av og til møter også Silje og Trond spesielt utfordrande saker. Sjølvmordproblematikken har dei heldigvis ikkje kjent direkte på, men det handlar ofte om at dei som kjem til dei har kome til eit vendepunkt i livet sitt. Dei ser at dei kan kome seg ut av problema.

– Av og til har eg likevel vore spent på om pasienten tar telefonen neste veke, seier Nilsen.

Du kan få hjelp

Studiar frå Spillforsk ved Universitetet i Bergen viser at tilbodet hjelper både på behandlingseffekt og langtidseffektar. Det er tydleg at prognosane for dei som har gjennomført fjernbasert behandling er betre enn dei som ikkje har søkt behandling. Tilbodet er ikkje direkte samanlikna med poliklinisk behandling.

Silje og Trond har mange gode erfaringar med seg. Silje er først ut:

– Når eg tar telefonen og så sprudlar dei og listar opp kva dei har fått til.

Trond følger opp:

-Eg har så mange idol der ute eg har møtt, som har strevd med sine eigne liv så lenge. Likevel har dei haldt ut og klart å aktivere viljen til endring.

Likevel ser dei enkelte tilbakefall.

– Det er dei som skal bevise for seg sjølv at dei har kontroll, og så prøvar dei litt til. Då slår fort dei same mekanismane inn som dei var sårbare for tidlegare, seier Aspeland.

Les meir om Fjernbasert spillbehandling.

Publisert