Her er folka som hjelper deg!
– Anonymiteten alle har når dei tar kontakt er unik og alle som tar kontakt og som vi hjelper, opplever det som trygt, seier Magnus Eidem som er avdelingsleiar for Hjelpelinjen.
Hjelpelinjen er det einaste tilbodet i landet for speleavhengige med hundre prosent anonymitet for dei som tar kontakt og som dei hjelper. Det gjer Hjelpelinjen til eit unikt tilbod. Dei hjelper deg gjerne.
Eit trygt tilbod
– Speleproblem er framleis tabubelagt, skuld og skam gjer det vanskeleg å snakke om. Utfordringane knytt til spel og økonomi blir ofte halde hemmeleg så lenge som mogeleg, så at spelarar og nærståande kan kontakte Hjelpelinjen anonymt gjer at det blir opplevd som tryggare, seier Eidem.
For dei tilsette på Hjelpelinjen er det viktig at dei som tar kontakt blir lytta til.

– Hos oss møter dei terapeutar som har mange års erfaring. Vi møter dei som tar kontakt med forståing og varme. At nokon med ekspertise lyttar til historiene, formidlar støtte og viser veg til aktuelle hjelpetiltak – det kan redde liv. Vi har fått tilbakemeldingar om at samtalane med Hjelpelinjen var livreddande, seier Eidem.
Klikk på lenke for å sjå lista over ulike behandligstilbud i heile Norge.
Kompetanse samla under eitt tak
I vel eitt år har dei tilsette ved Hjelpelinjen og Fjernbasert behandling som, er drifta av Blå Kors Spillavhengighet, hatt lokale under same tak. Det er gull verd, både for dei tilsette men også for dei som tar kontakt.
– Det ligg ein stor gevinst i å ha blitt eit større miljø. Det gir ei breiare fagleg tyngde og tilrettelegg for utviklingsarbeid sett i lys av samla erfaringer. Tenestene utfyller kvarandre godt også, eksempelvis får vi på Hjelpelinjen vite om nye speltrendar som er nyttige å ha med seg i eit terapeutisk forløp.
Pårørandesamtalene til Hjelpelinjen har vore nyttig lærdom over mange år og viktig erfaring som dei tilsette brukar i oppfølging av nærståande, tilbod om pårørandesamtaler kvar i veke saman med terapeut. Dette tilbodet vart lansert våren 2025.

Les meir om Fjernbasert behandling her.
Eit fagfelt i stadig endring
Spelfeltet er svært dynamisk, det er stadig noko nytt som dukkar opp av utfordringar eller problemstillingar. Nokre av dei tilsette byrja på Hjelpelinjen allereie i 2005, og har gjennom jobben fått følgje utviklinga tett.
Nokre av dei tilsette har vore på Hjelpelinjen heilt frå automatforbodet og tidleg pokerboom, vidare til utanlandske nettkasino og ikkje minst dataspelproblematikk.
– Arbeidet er gjevande fordi vi bidrar i endringsprosessar som kan vere heilt avgjerende for enkeltpersonar, det opplevast meningsfullt å formidle håp, gje råd og hjelp til menneske i akutte kriser og vanskelege livssituasjonar. Samtidig kan det vere tøft og krevande ettersom mange som tar kontakt er prega av fortvilelse og håpløsheit, seier Eidem.
Dersom du har interesse for å lese meir om ulike behandlingstilbod så finn du ei oppdatert oversikt her:
LES MEIR HER: Behandling av spilleproblemer – Hjelpelinjen