Hopp til hovedinnholdet
Illustrasjonsfoto pengespill. Pixabay.
Foto: TheAndrasBarta fra Pixabay.

Pengespel

Pengespel er underhaldning for dei fleste, men også eit problem for mange.

Du kan bli avhengig av pengespel

Ein del spelarar blir avhengige av pengespel. Då er det store sjansar for at desse brukar så mykje pengar at det går ut over privat økonomi, familie og utdanning. I Norge er det for tida ca. 23 000 personer som har utvikla speleroblem. Det er også ei gruppe på ca. 93 000 personer som spelar slik at det er fare for at dei kan utvikle speleproblem. Derfor er det viktig at vi ikkje har farlege pengespel i Norge.

Desse spela er farlegast

Nokre pengespel skapar lettare speleproblem enn andre. Farlegast er dei pengespela som er raske, det vil seie at det går kort tid fra du spelar til du får svar på korleis det gjekk, og kan spele på nytt. Nettpoker, kasinospel, skrapelodd og liveodds er eksempel på slike pengespel.

Tilgjengeligheit spelar også ein rolle for om spel kan føre til speleproblem. Jo lettare det er å spele, jo lettare er det å få problem med spel. Stadig meir av spelinga skjer i stor grad på mobiltelefon og nettbrett, og dette har gjort det farlegere. Dei som lagar spela, er også gode på å få deg til å tru at du nesten vant toppgevinsten. På denne måten blir du freista til å spele meir. I ein del spel, for eksempel Lotto, kan det gå dagar frå du spelar til resultatet av trekninga blir klart. Derfor er det få som utviklar speleproblem av denne typen pengespel.

Lotteritilsynet kategoriserer kasinospel som pengespela med høgast risiko for speleproblem. I Noreg er det berre Norsk Tipping som har lov å tilby kasinospel på nett. Desse spela er underlagt streng kontroll og alle spelarane må sette tapsgrenser. Du kan også maksimalt tape 5000 kroner i månaden på dei hurtigaste spela til Norsk Tipping. Utanlandske spelselskap har ikkje slike grenser.

Så små er vinnarsjansene dine

Dei aller fleste taper pengar på pengespel fordi det er mykje vanskelegare å vinne enn mange trur. Spør deg sjølv kor sannsynleg det er at du vinn? Trillar du for eksempel ein terning ein gong er det 16,67 prosent sjanse for at du får ein seksar. Spelar du ei rekke i Lotto er sjansen for at du får sju rette 0,00000019 prosent. Drømmegevinsten vil derfor for dei fleste vere ein draum.

I nokre pengespel, for eksempel tipping, poker og hesteveddeløp, kan kunnskap spele ein viss rolle. Likevel er det så vanskeleg å vinne at det er ytterst få som kan leve av å spele pengespel. Å forsøke kan vere svært risikabelt.

Pengespel som er lovlege i Noreg

Alle spela som Norsk Tipping tilbyr er lovlege – alt fra oddsspel til Lotto og kasinospel på nett. Norsk Rikstoto har lov til å tilby spel på hest.

Det blir også gitt løyve til å arrangere store pengespel og lotteri dersom pengane frå lotteria går til eit godkjent formål. For pengespel med omsetning under 200 000 kroner kan arrangerast av organisasjonar og privatpersonar utan å melde frå til Lotteritilsynet. Slike pengespel skal ikkje gi forteneste til dei som driv aktiviteten og overskotet skal i sin heilskap gå til den frivillige aktiviteten.  

Les meir om kva som er lovlege spel i Norge hos Lotteritilsynet.

Du må vere 18 år for å spele

Pengespel skal vere eit tilbod til vaksne i Noreg. Derfor er det 18-års aldersgrense på alle pengespel. I Norsk Tipping og Norsk Rikstoto sine spel må du gjennom ei sikker pålogging før du kan spele. I andre spel, som for eksempel bingo, er det arrangøren av spelet som er ansvarleg for å kontrollere at unge under 18 år ikkje deltar.

Ulovlege pengespel i Norge

Ei rekke utanlandske spelselskap tilbyr pengespell til nordmenn på nett. Desse selskapa har ikkje løyve til å arrangere pengespel eller lov til å marknadsføre seg i Noreg. Selskapa tilbyr spel på alt fra poker til kasinospel og oddsspel på norske fotballkampar. Fordi selskapa ikkje har løyve til å operere i den norske marknaden, er slike spel i dag ulovlege.

Mange nordmenn trur likevel desse spela er lovlege. Det skuldast blant anna at dei utanlandske selskapa marknadsfører seg som om dei er norske. Dei har også nettsider på norsk og gir seg ut for å vere lovlege, norske selskap.

Les meir om korleis du kan bli lurt av desse aktørane på Lotteritilsynet sin nettstad.

Lootboksar og pengespelfunksjonar i dataspel

I ein del spel blir grensa mellom pengespel og dataspel ut. Det kan vere gjennom datspelelement i pengespel eller pengespelelement i dataspel. Ein variant er lootboksar som etter kvart finst i ei rekke dataspel. Ein lootboks er ein forundringspakke eller digitale kister som inneheld tilfeldige belønningar. Spelaren må betale for pakkane, og belønningane er ofte gjenstander, spelvaluta eller kosmetiske oppdateringar.

Sist endra