Hopp til hovedinnholdet
Illustrasjonsfoto pengespill. Pixabay.
Foto: TheAndrasBarta fra Pixabay.

Pengespel

Pengespel er underhaldning for dei fleste, men også eit problem for mange.

Du kan bli avhengig av pengespel

iEn del spelarar blir avhengige av pengespel. Då er det store sjansar for at desse brukar så mykje pengar at det går ut over privat økonomi, familie og utdanning. I Norge er det for tida ca. 55 000 personer som har utvikla store speleroblem. Det er også ei gruppe på ca. 122 000 personer som spelar slik at det er fare for at dei kan utvikle speleproblem. Derfor er det viktig at vi ikkje har farlege pengespel i Norge.

Desse spela er farlegast

Nokon pengespel skapar lettare speleproblem enn andre. Farlegast er dei pengespela som er raske, det vil seie at det går kort tid fra du spelar til du får svar på korleis det gjekk, og kan spele på nytt. Nettpoker, kasinospel, skrapelodd og liveodds er eksempel på slike pengespel.

Tilgjengeligheit spelariller også ein rolle for om spel kan føre til speleproblem. Jo lettare det er å spele, jo lettare er det å få problem med spel. Stadig meir av spelinga skjer i stor grad på mobiltelefon og nettbrett, og dette har gjort det farlegere. Dei som lagar spela, er også gode på å få deg til å tru at du nesten vant toppgevinsten. På denne måten blir du freista til å spele meir. I ein del spel, for eksempel Lotto, kan det gå dagar frå du spelar til resultatet av trekninga blir klart. Difor er det få som utviklar speleproblem av denne typen pengespel.

Lotteritilsynet kategoriserar kasinospel som pengespela med høgast risiko for speleproblem. I Norge er det kun Norsk Tipping som har lov å tilby kasinospel på nett. Desse spela er underlagt streng kontroll og alle spelarane må sette tapsgrenser. Du kan også maksimalt tape 5000 kroner i månaden på dei hurtigaste spela til Norsk Tipping. Utanlandske spelselskap har ikkje slike grenser.

Så små er vinnarsjansene dine

Dei aller fleste taper pengar på pengespel fordi det er mykjee vanskelegare å vinne enn mange trur. Spør deg sjølv kor sannsynleg det er at du vinn? Trillar du for eksempel ein terning ein gong er det 16,67 prosent sjanse for at du får ein seksar. Spelar du ei rekke i Lotto er sjansen for at du får sju rette 0,00000019 prosent. Drømmegevinsten vil difor for dei fleste vere ein draum.

I nokon pengespel, for eksempel fotballtipping, poker og hesteveddeløp, kan kunnskap spele ein viss rolle. Likevel er det så vanskeleg å vinne at det er ytterst få som kan leve av å spele pengespel. Å forsøke kan vere svært risikabelt.

Pengespill som er lovlege i Norge

Alle spela som Norsk Tipping tilbyr er lovlege – alt fra oddsspel på fotballkampar til Lotto og kasinospel på nett. Norsk Rikstoto har lov til å tilby spel på hest.

Det blir også gitt løyve til å arrangere store og små lotterier dersom pengane frå lotteria går til eit godkjent formål. I tillegg mottar frivillige lag og organisasjonar overskot frå mange bingohallar i Norge. Det er dessutan fritt fram for folk flest å arrangere basar til inntekt for gode formål.

Du må vere 18 år for å spele

Pengespel skal vere et tilbod til vaksne i Norge. Difor er det 18-års aldersgrense på alle pengespel. I Norsk Tipping og Norsk Rikstoto sine spel må du gjennom ein sikker pålogging før du kan spelee. I andre spel,som for eksempel bingo, er det arrangøren av spelet som er ansvarleg for å kontrollere at unge under 18 år ikkje deltar.

Ved sal av lodd brukar arrangørane ofte ungdommar. Det er ikkje 18-års aldersgrense på lotteri der det er låg sjanse for å bli avhengig eller tape mykje pengar, men du må vere 15 år for å selge lodd i eit lotteri.

Ulovlege pengespel i Norge

Ei rekke utanlandske spelselskap tilbyr pengespell til nordmenn på nett. Desse selskapa har ikkje løyve til å arrangere pengespel eller lov til å marknadsføre seg i Norge. Selskapa tilbyr spel på alt fra poker til kasinospel og oddsspel på norske fotballkampar. Fordi selskapa ikkje har løyve til å operere i den norske marknaden, er slike spel i dag ulovlege.

Mange nordmenn trur likevel desse spela er lovlege. Det skuldast blant anna at dei utanlandske selskapa marknadsfører seg som om dei er norske. Dei ahr også nettsider på norsk og gir seg ut for å vere lovlege, norske selskap.

Norge satsar på ansvarlege pengespel

Norske myndigheiter satsar mykje på at pengespel i Norge skal vere ansvarlege slik at spelarane ikkje utviklar speleproblem. Det er innført ei rekke tiltak som gjer norske pengespel ansvarlege. I ein del spel, for eksempel hos Norsk Tipping og Norsk Rikstoto, må du sette dine eigne tapsgrenser før du kan starte å spele. Mange spel har også grenser for kor mykje du kan satse over ein periode, og du kan ekskludere deg frå å spele vidare om du ønsker det.

Myndigheitene passar på at nettspela og reklamen til Norsk Tipping og Norsk Rikstoto ikkje blir for aggressiv eller villeiande. Dei passar på at du ikkje kan tape meir enn 5000 kroner i månaden på dei mest vanedannande nettspela. I tillegg passar dei på at Norsk Tipping og Norsk Rikstoto reagerer med hjelpetiltak dersom spelarane får problemer med pengespel.

Loot boxes og pengespelfunksjonar i dataspel

I ein del spel blir grensa mellom pengespel og dataspel ut. Det kan vere gjennom datspelelement i pengespel eller pengespellelement i dataspel. Ein variant er Loot boxes som etter kvart finnast i ei rekke dataspel. Ein Loot box er ein forundringspakke eller digitale kister som inneheld tilfeldige belønningar. Spelaren må betale for pakkane, og belønningane er ofte gjenstander, spelvaluta eller kosmetiske oppdateringar. Foreløpig reknast ikkje Loot boxes som gambling i Norge.  

Etter norsk lov det tre ting som må vere oppfylt for at du kan kalle spel for pengespel:

  1. Du må betale for å delta.
  2. For å avgjere kven som vinn, må trekninga vere heilt eller delvis tilfeldig.
  3. Du må også kunne vinne ein gevinst.

Dersom du ikkje betalar noko for å delta i ei trekning, er det ikkje et pengespel. Det er heller ikkje eit pengespell om det er kunnskap om eitt eller fleire emner som avgjer kven som vinn. Når ein spelar opnar ein Loot box vinner han ikkje ein gevinst i pengar, og spela blir difor ikkje rekna som pengespel. Men sidan element kan omsettast er desse likevel i ei gråsone mellom dataspel og pengespel.

Les mer om Loot boxes og gråsonespel på Forum for spilltrender.

Sist endra