Stor auke i førstegangssamtalar
Førstegangssamtalar om pengespel auka med 44 prosent i 2025, og dei fleste har problem fordi dei speler nettkasino.

– Det er bra fleire tar kontakt og får hjelp. Det er mykje skam og tabu knytt til speleproblem, seier Lars Petter Degnepoll, seniorrådgivar i Lotteritilsynet.
I 2025 hadde Hjelpelinjen til saman 904 samtalar frå spelarar eller pårørande, og det er ein auke på åtte prosent frå 2024. I tillegg tok 172 kontakt på e-post.
Mange unge
Snittalderen for spelarane med pengespelproblem er 30,3 år. Mange av dei som tar kontakt fortel om spelegjeld og helsemessige konsekvensar.
– Det er først og fremst nettkasino som skaper problem. Det har vi sett i statistikkane over fleire år.
42 prosent av spelarane som har problem med pengespel er under 24 år. Det er ein auke i andel unge spelarar som tek kontakt.
– Vi er spesielt bekymra for interessa for kasinospel blant dei unge, og at dei blir introduserte til gambling via gaming, seier Degnepoll.
66 samtalar om dataspel
Hjelpelinjen hadde 66 samtalar om dataspel i 2025, og 61 i 2024. Mange av desse er førstegongssamtalar, og i 1 av 3 samtalar handlar det om gutar under 18 år.
– Der det har vore tema fortel mange av spelarane og dei pårørande om helsemessige konsekvensar, og spesielt psykiske plager.
Les heile Hjelpelinjestatistikken 2025 (PDF).