Hopp til hovedinnholdet

Økonomisk hjelp

Speleavhengige og familiane får ofte store økonomiske problem. Det er mogleg å få gode råd og hjelp.

Mange speleavhengige prøver å skjule at dei har gjeld og er flinke til det. Kan kan også vere gode til å bortforklare lån og gjeld fordi det er så vanleg i samfunnet vårt. Gjelda til ein speleavhengig kan ofte bli stor på kort tid. Når familien får kjennskap til problemet treng dei ofte hjelp til å rydde opp i økonomien. Og hjelpa fins!

Ta tak i problemet før det blir for stort

Det er fleire måter for å få hjelp til å handtere spelegjeld. Det er viktig å få rydda opp i problemet før det blir for stort og ikkje tru at du skal ta att det tapte.

Hos oss på Hjelpelinjen kan vi gi gode råd til korleis du kan løyse gjeldsproblema.

Du kan også ringe anonymt til 800GJELD – økonomirådstelefonen i NAV (telefonnummer 800 45 353). Her gir rådgivarane deg generelle og enkle råd til kva du kan gjere for å løyse situasjonen din sjølv.

Start behandling

Det er mogleg å få behandling for speleproblem. Å starte i behandling er ekstremt viktig om du skal komme deg ut av dei økonomiske problema.

NAV har økonomisk rådgjeving

Alle kommunar skal gi tilbod og økonomisk rådgjeving gjennom NAV. Nummeret til NAV er 55 55 33 39.

Kontakt banken

Banken din kan også hjelpe deg. Det er faktisk mange som kontaktar kunderådgjevaren sin i banken og ber om hjelp til å løyse den økonomiske krisa. Dei kan hjelpe deg med ei nedbetalingsavtale.

Vurder å sperre deg sjølv for kreditt

Du kan ringe kredittvurderingsbyrå og be om å bli kredittsperra. Då gjer du det litt vanskelegere for deg sjølv å spele på impuls.  

Unngå å spele hos utanlandske spelselskap

Mange blir kontakta av utanlandske spelselskap som tilbyr startpakkar eller andre gullkanta avtaler for at du skal starte å spele igjen. Hugs at dette er det spelselskapet som tener på. Stå imot og sei nei.

Sist endra