Om oss
Hjelpelinjen er organisert som eit samarbeid mellom Lotteritilsynet og Blå Kors.
Lotteritilsynet har resultatansvar og ansvar for informasjon og marknadsføring, mens tenesta fysisk er lagt til Blå Kors spilleavhengighet, som er dei som møter deg når du tar kontakt med Hjelpelinjen.
Målsettinga med Hjelpelinjen er å:
- hjelpe menneske i krise
- vise til anna hjelp, mellom anna behandling
- samle informasjon om speleavhengigheit
Hjelpelinjen 800 800 40 blir svart av helsepersonell som har fått spesialopplæring.
Kontakt oss
Ta kontakt på den måten som passar best for deg.
- Ringe: 800 800 40
- Chat med oss.
- E-post: post@hjelpelinjen.no
Hjelpelinjen 800 800 40 er open alle kvardagar frå kl 09.00 til 18.00. Chat er open kvardagar 11.00-15.00 og e-post svarar vi på så fort vi kan på vanlege arbeidsdagar mellom kl. 09.00 og 15.30.
Mengda av informasjon som vi kan gi på epost vil vere meir avgrensa enn det vi kan gi i ein telefonsamtale.
Anonymitet
Kontakten din med Hjelpelinja er alltid anonym. Rådgjevarane på Hjelpelinjen ser ikkje kva nummer du ringer frå, eller frå kva e-post du sender melding. Dette blir anonymisert.
All kommunikasjon mellom deg og Hjelpelinjen er kryptert. Det betyr at ingen kan finne ut kvar e-posten er sendt frå. Hjelpelinjen lagrar ikkje informasjon som kan identifisere deg om du kontakter oss.
Kven kan ta kontakt?
Alle som har eit speleproblem, eller som lurer på om dei er i ferd med å få eit speleproblem kan kontakte Hjelpelinjen. Men også pårørande, venner eller andre som bryr seg om ein person med speleproblem, kan ta kontakt. Du kan stille oss spørsmål om både pengespel eller dataspel.
Kvar kan du få hjelp når Hjelpelinjen ikkje er open?
Ved ei krise (vald, truslar, sjølvmordsfare) er det legevakta som bør kontaktast. Det er dei som kan ta imot utanom fastlegar si opningstid.
Her kan du finne oversikt over behandlingsstadar for speleavhengigheit.