Hopp til hovedinnholdet

– Det er ofte ein fortvila arbeidsgivar som ringer oss om ein tilsett som har eit speleproblem, begge er ofte i krise, seier Ine Weum i Akan kompetansesenter.

Ine har jobba i Akan kompetansesenter i ni år og har helsefagleg bakgrunn. Akan jobbar førebyggande med rus- og speleavhengigheit for å hindre at tilsette mistar jobben. Før ho starta i Akan jobba ho i bedriftshelsetenesta. Ho illustrerer sitt første møte med pengespelfeltet slik:

– Paradokset er at på den eine sida er det ein spelindustri som bruker alle verkemiddel for å få folk til å spele. På den andre sida har du dei sårbare som står i fare for å få store problem med spel.

Akan fekk spørsmål frå arbeidslivet om pengespelproblematikk allereie i 2003. Frå 2005 fekk dei mandat til å begynne å jobbe med feltet.

– Den første som ringte oss var ein tillitsvald, som sat med eit sjølvmordsbrev frå ein tilsett. Det var ingen god telefon å få.

Arbeidsgivar treng i slike tilfelle hjelp til å forstå kva som har skjedd.

-Pengespel er ingen ordinær vare.

Ine Weum jobbar i Akan kompetansesenter
Ine Weum er seniorrådgivar i Akan kompetansesenter

Hjelper arbeidsgivar med kunnskap

Akan er eigd av LO, NHO og staten, Weum fortel at det å sikre to partars interesser er godt forankra i kompetansesenterets tankemåte.

Det handlar i første rekke om å ivareta eit godt arbeidsmiljø og Akan jobbar etter tre spesifikke tiltak mot arbeidsgivar:

  • Førebyggande arbeid
  • Stimulere leiarar til å ta tak i utfordringar tidleg
  • Bestemme seg for å ha vilje til å hjelpe tilsette med utfordringar

– Ofte så ser arbeidsgivar endringar i fråvær, åtferd eller arbeidsprestasjonar. Då er det viktig at arbeidsgivar har kunnskap. Vi hjelper arbeidsgivar med denne kunnskapen.

Gode erfaringar med Akan-avtaler

Når ein arbeidsgivar oppdagar at ein tilsett har eit speleproblem, står også arbeidsgivaren ofte i ein vanskeleg situasjon.

– Vi opplever at arbeidsgivarane har stor vilje til å hjelpe den tilsette likevel, seier Weum.

Akan oppfordrar arbeidsgivar til å sikre arbeidsplassens interesser, men samtidig sikre den tilsette. I nokre krisesituasjonar kan dette fort bli gløymt.

– I tilfelle der det skjer underslag på jobben kjem eit ekstra element som er spesielt vanskeleg og utfordrande for arbeidsgivar. I mange tilfelle kan vi hindre slikt ved å jobbe førebyggande med risikokartlegging, kunnskap og medvitne haldningar til slike tema.

For dei som har gått inn i ei individuell Akan-avtale så er 87 prosent av dei tilsette framleis i arbeid etter eit år. Akan ser også at arbeidsplassen er ein veldig viktig aktør i prosessen med å bli frisk. Arbeidsplassen kan medverke til å senke terskelen for å få hjelp og viser tilsette med problem vidare til behandling.

– Vi er også opptatt av at behandlarar får gode verktøy som legg til rette for samarbeid mellom arbeidsgivar og pasienten . Det er ein del mytar om kva behandling av rusmiddelbruk og avhengigheit er. Vi opnar opp for å gi kunnskap om kva det faktisk er.

Redde for å miste ansikt

Det er mykje stigmatisering knytt til problem med pengespel, dette ser også Akan gjennom sitt arbeid. Dei ser mykje skam og redsle hos dei speleavhengige.

– Du er redd for å miste jobben og like redd for å miste ansikt.

Det er mange individuelle hinder for å ta kontakt med arbeidsgivar når du kjem i ein vanskeleg situasjon. Akan bidreg med å gi kunnskap, og å normalisere lidinga slik at det ikkje blir så skremmande og farleg.

– Mykje handlar om å skape gode samhandlingsprosessar og god dialog i noko som kan vere vanskeleg.

Gode prognoser for å bli frisk

Målet til Akan er å gjere arbeidsgivar i stand til å

  • ta samtalene du kvir deg for å ta
  • reagere på uønskt åtferd
  • gå frå bekymring til handling

Akan hjelper dessutan arbeidsgivar med kunnskap om pengespelproblem og kva som finnast av hjelpetilbod. Dei har utvikla sitt eige verktøy – jegspiller.no. Dei deler kunnskap om fjernbasert behandling, og dei viser også mykje til Hjelpelinjen som har ei god og oppdatert oversikt over behandlingstilbod i Norge.

– Signala vi får frå dei som jobbar på feltet er at det er gode prognoser når dei først får hjelp. Det er eit viktig signal å gi. Det er viktig å gi håp, avsluttar Weum.

Les meir om Akan kompetansesenter.

Publisert