Hopp til hovedinnholdet
Illustrasjonsfoto dataspill. Pixabay.

Dataspel

For mykje dataspel eller gaming kan vere ein bekymring i mange heimar, og det er ikkje alltid like lett å vite kor mye som er normalt må spele.

https://www.medietilsynet.no/digitale-medier/dataspill/Snakk om spill er ein nettressurs der du får informasjon og kunnskap om når barnet ditt spelar for mykje og kva som er normalt. Vi anbefalar deg å sjå innom sidene der, før du vurderer behandling.

Teikn på at du kan ha problemer med dataspel

For enkelte barn og unge kan dataspel bli ein altoverskuggande aktivitet som fører til negative konsekvensar på skulen, tap av sosialt nettverk og krangling i familien. Varsellampene bør lyse om barnet eller ungdomen

  • sluttar med andre aktivitetar
  • kuttar ut sosialt samvær med vener og familie
  • skulkar skulen, droppar lekser, prøver og eksamenar
  • spelar om natta og søv om dagen
  • prøvar å slutte eller trappe ned utan å få det til
  • kranglar med familien om spelinga
  • får nye, usunne matvaner, eller eter meir eller mindre enn tidlegare

Få får problemer med dataspel

Mange ungdommar spelar mykje, men for dei færraste utviklar spelinga seg til eit alvorleg problem. Difor er det nyttig å skille mellom storspelarar og problemspelarar. Speletid aleine er ikkje nok til å avgjere om spelinga er eit problem.

Storspelaren er definert som ein som spelar fire timar eller meir dagleg, utan at dette treng å gå ut over helse og livskvalitet. Dette er personar som har eit lidenskapeleg forhold til spel, utan at hobbyen verkar forstyrrande på livet elles.

Det som kjenneteiknar problemspelaren er at spelinga blir tvangsmessig og til hinder for skule, familie, karriere og det sosiale livet. Det kan vere vanskeleg å kartlegge om spelinga i seg sjølv er eit problem, eller om spelinga fungerer som ein flukt frå noko anna i kvardagen som kan vere vanskeleg.

Engasjer deg tidleg

Jo tidlegare foreldre blir engasjert i borna sine spelevaner, jo enklare vil det vere å sjå om spel er eit problem.  Nokon brukar spel som ein flukt frå verkelegheita, og andre har spel som ein lidenskapeleg hobby. Det finnast med andre ord ikkje ein fasit.

Det er du og din familie som avgjer kva de vil bruke tid på, og kva de synes er greitt. Ulike barn har ulike behov og interesser, men alle barn har behov for rammer og grenser. Det å sette grenser vil også hjelpe hvis det blir konfliktar. Start difor tidleg med å snakke med barna om spel, og bestem kor mykje tid, og kva dataspel dei skal få lov til spele.

Lurer du på meir om fakta om dataspel, korleis de blir enige om spelemengde, kjøp i spel og utydelige grenser mellom dataspel og pengespel? Les meir her.

Behandling av dataspelproblemer

WHO har dataspillavhengigheit som ein diagnose, men foreløpig er det ikkje ein diagnose i Norge. Du kan få hjelp med dataspelproblem i barne- og ungdomspyskiatrien. Også vaksne kan får dataspelproblem, og då gjeld dei same behandlingsinstitusjonane som for pengespel.

Her kan du finne behandlingsinstitusjonar i ditt nærområde eller fjernbasert hjelp. Ring gjerne også Hjelpelinjen for rettleiing og oversikt over tilbodet.

Loot boxes og pengespillfunksjonar i dataspill

I ein del spel blir grensa mellom pengespel og dataspel vanskeleg å sjå. Det kan vere gjennom dataspelelement i pengespel eller pengespellelement i dataspel. Ein variant er Loot boxes som etter kvart finnast i ei rekke dataspel. Ein Loot box er ein forundringspakke eller digitale kister som inneheld tilfeldige belønningar. Spelaren må betale for pakkane, og gevinstane består ofte av gjenstandar, spelvaluta eller kosmetiske oppdateringar. Foreløpig reknast ikkje Loot boxes som gambling i Norge.  

Etter norsk lovgivning er det tre ting som må være oppfylt for at du kan kalle spel for pengespel:

  1. Du må betale for å delta.
  2. For å avgjere kven som vinn, må trekninga vere heilt eller delvis tilfeldig.
  3. Du må også kunne vinne ein gevinst.

Dersom du ikkje betalar noko for å delta i ei trekning, er det ikkje eit pengespel. Det er heller ikkje eit pengespel om det er kunnskap om eitt eller fleire emner som avgjer kven som vinn. Når ein spelar opnar ein Loot box vinn han ikkje ein gevinst i pengar, og spela blir difor ikkje rekna som pengespel. Men sidan element kan omsettast er desse likevel i ei gråsone mellom dataspel og pengespel.

Les meir om Loot boxes og gråsonespel i rapporten til Kultur- og likestillingsdepartementet.

Sist endra