Ønsker du ei endring i livet?
Det kan hende du kjenner på ambivalens rundt din speleåtferd. Spelinga har hatt ein funksjon for deg. Hadde det vore enkelt å endre åtferd hadde ingen vore speleavhengig. Det å ta ein beslutning om å endre åtferd er å trasse avhengigheiten. Du tek tilbake kontrollen på livet ditt.
- Lag ei liste over fordeler og ulemper med å spele.
- Fortel nokon om problemet. Det kan vere vanskeleg å stå aleine i prosessen.
- Ta ei avgjersle. Set ein dato for å slutte.
- Åpne posten.
- Få hjelp til å sortere økonomien.
- Reduser tilgang til pengar.
- Legg igjen bankkortet ditt heime når du skal ein stad der du veit det er mogleg å spele.
- Blokker spel gjennom bruk av filter. (gamban.com, betfilter.com).
- Lag deg kortsiktige og langsiktige mål.
- Tankefeller: Finn mønstre som lurer deg til å spele, kva du tenker om spel, kva tenker du når du ønsker å spele. Kva mekanismar i spelet blir du trigga av: Spenning? Meistring? Flukt fra alt anna i livet?
- Kva er dine risikosituasjonar, stader og følelsar. Eksempel: – Kona legg seg tidleg. Eg kjedar meg, spelar. Kan kona ta med mobil/PC? – Går forbi kiosk på veg til jobb. Ta en ny veg? Bruk kontantar når du skal handle.
- Når du kjenner på trong til å spele, ha ei liste med andre gjeremål: Gå ut på trappa og stå der i 10 minutt. Eller sjå på klokka, og bestem deg for å vente ein time. Vask deg i ansiktet med kaldt vatn. Hør på musikk, ta oppvasken, støvsug, gå ein tur.
- Kva er alternativ til spel? Mosjon, vere sosial, ta opp igjen hobbyar.
- Færebyggeg tilbakefall.
Å slutte med en avhengigheit kan vere vanskeleg å gjere aleine. Søk støtte hos dine næraste og søk behandling. For å halde deg spelefri på sikt, vil behandling gjere deg betre i stand til å gjenkjenne speltankar. Slik kan du lage strategiar for å møte situasjonar der spel freistar. Les meir om behandling av speleproblem.
Har du kontroll på spelinga?
Husk at alle spel er laga med tanke på at du skal tape i det lange løp. Dersom du opplev å ha kontroll og vil fortsette å ha glede av å spele, må du bruke hovudet. Ikkje la spelindustrien loppe deg for pengar. Her er nokon viktige tips.
- Spel berre for pengar du har råd til å tape.
- Ikkje slutt med andre aktivitetar som du likar, ikkje la spel bli livet ditt.
- Ikkje spel når du kjedar deg eller er stessa.
- Set ei grense for kor mye du vil satse, og hald på den.